BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4859//EN
BEGIN:VEVENT
UID:e573bbbb-073c-e519-a2fa-72983fc462da
SUMMARY:«Det som er igjen» – separatutstilling med Ingeborg Kvame
DESCRIPTION:Biletkunstnar Ingeborg Kvame opnar 22. august separatutstillinga «Det som er igjen» ved Ryfylke kunstlag. Utstillinga syner ei rekkje akvarellar av forglemmegei, maria gullsko, løytnantshjarte og andre blomar frå kunstnaren si oppvekst i Ryfylke. Blomane er henta frå hagane på slektstunet der Kvame vaks opp – eit tun langs ein grusveg der besta og besten budde i det eine huset, grandtantene i det neste, og familien hennar i enden av vegen. I dag er det berre far frå den opphavlege slekta som framleis bur på tunet, og hagane er ikkje lenger det dei ein gong var. – Eg har måla blomane vått i vått, med japansk blekk. Fargane flyt ut medan dei tørkar, konturane glir over i kvarandre. Blomane er kraftig forstørra, som om eg har lent meg heilt inntil dei for å sjå betre – eller for å hugse betre, seier Kvame. Den flytande teknikken speglar sjølve minnet: det som ein gong var skarpt og tydeleg, blir med tida vagare. Nokre detaljar forsvinn heilt, andre kjem sterkare tilbake enn dei kanskje eigentleg var. Utstillinga stiller spørsmålet om kva som blir verande når ein stad, ei slekt eller ei tid går tapt – og finn svaret i det vi hugsar. Ingeborg Kvame (f. 1978) er biletkunstnar busett i Stavanger, med bakgrunn frå Grays School of Art, Robert Gordon University i Aberdeen. Ho arbeider hovedsakelig med grafikk, tekstil, papir og akvarell, og har stilt ut ved mellom anna Høstutstillingen, Stavanger kunstmuseum, Kunsthall Stavanger og Norske Grafikere. Kvame er representert i samlingane til KORO, Stavanger kunstmuseum og Haugesund kunstforening. Her er meir info om kunstnaren: https://www.ingeborgkvame.net/about
DTSTART:20260822T140000Z
DTEND:20260822T160000Z
LOCATION:Spinneriet
SEQUENCE:0
CREATED:20260706T113616Z
DTSTAMP:20260818T120306Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
