BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4859//EN
BEGIN:VEVENT
UID:c9988c97-3ffc-c79d-34a2-9caf94997fa5
SUMMARY:Overnattingstur til Melandsgrønahei
DESCRIPTION:Start frå parkeringsplass Kleivaland kl 10.00 laurdag 29. august. Startpunkt ca 250 moh. Turen opp på laurdagen går via Svodene på sørsida av Austmannshovudet: Først ca 4 km på grusveg, deretter ca 5 km på sti i ulendt terreng til med møter turistforeningsruta ved Raudkleiv. Deretter på betre sti siste ca 3 km inn til hytta. Høgdestigning frå p-plass: ca 250 moh til 850 moh. Vel framme på hytta blir det eit forfriskande bad for dei som vil det, eller berre kos i hytteveggen for dei som vil det. Felles middag kokkar me i lag laurdags kveld. Retur ned på søndagen starter ca 3 km i same sporet som me kom opp, til Raudkleiv. Derfra fortset me i turistforeningsløypa via Stropatølvatnet og Bjødnabu. Nede ved Lølimyra tar me av frå turistforeningsløypa, for ein avstikkar opp mot den flotte gapahuken med utsiktspunkt utover Ritlandskrateret. Deretter på enkel skogsveg/sti ned til p-plass Kleivaland igjen. Lengd retur ca 11 km. Ta med gode sko og klær/utstyr etter værforholda, dagsturmat til deg sjølv + drikke og knask. Det er dyner/puter på hytta, men alle må ha med lakenpose/sengetøy eller sovepose. Meld deg på på heimesida til turlaget.
DTSTART:20260829T080000Z
DTEND:20260830T150000Z
LOCATION:Melands Grønahei
SEQUENCE:0
CREATED:20260803T114906Z
DTSTAMP:20260823T223728Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
