BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.5032//EN
BEGIN:VEVENT
UID:210bf304-cc1c-6ba1-e17e-4d4bfa2a0757
SUMMARY:Dei 6 tiåra: 1960- og 1970-talet
DESCRIPTION:Året er 1961, og me møter familien til Håkon og Sissel på Tjentland i Årdal i Ryfylke. Gjennom 1960- og 1970-talet kjem den moderne verda stadig nærare, med fjernsyn, nye politiske idéar, populærkultur, teknologiske nyvinningar og nye tankar om kjønnsroller, familieliv og individuell fridom. Håkon vil gjerne følgja med i tida og modernisera garden, men det er lettare for han å kjøpa nye maskinar og byggja nytt fjøs, enn å endra gamle førestillingar. Sissel ønskjer på si side større fridom og meir råderett over sitt eige liv. Ungane deira, Harald og Ingeborg, veks opp med eigne draumar, meiningar og planar, medan spørsmålet om framtida til Tjentland-garden blir stadig meir påtrengjande. Med humor, varme og gjenkjennelege familiekonfliktar speglar framsyninga eit norsk bygdesamfunn i rask endring. Verda utanfor finn vegen heilt inn i stova på Tjentland, der gamle og nye verdiar kolliderer på både morosame, såre og overraskande måtar. Det er ei historie om tradisjonar og fornyingar, og om kor vanskeleg det kan vera å følgja med i tida når ein må endra seg sjølv òg. Kjøp billett på Hjelmeland teater si nettside.
DTSTART:20261205T183000Z
DTEND:20261205T200000Z
LOCATION:Hjelmeland samfunnshus
SEQUENCE:0
CREATED:20261102T142928Z
DTSTAMP:20261107T051546Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
