Haustutstilling og kafe 29.9.-21.10.2018

Årest Haustutstilling med kafe går over fire helger (laurdag og sundag) kl 12-17. Ei dobbel separatutstilling blir vist med mange arbeide frå målaren Jan Terje Rafdal frå Etne og keramikar Sarah Honeyman frå Oslo.
Les meir på www.hagalid.net

Dato
14. oktober 2018
Tid
12:00 - 17:00
Stad
Hagalid

Dei gjenkjennelege motiva i fjellbilda til Rafdal er både i store og medium format under temaet «Den siste snøen». Det blir vist både nye maleri, trykk også i mindre format (mezzotint) og kolteikningar.

Sarah Honeyman er ein anerkjend keramikar opprinneleg frå Skotland. Ho viser skulpturell keramikk, underfundige figurar - i si eiga verd, for bord og vegg.

Stor opning laurdag 29.9. kl 12 v/seksjonssjef Jon Inge Zazzera, Kulturavd., Rogaland fylkeskommune. Kunstnarsamtalar med begge kunstnarar. Forfriskingar, gratis inngong.

I tillegg er det keramikk og blåst glas i Eldhuset frå faste utstillarar samt eit utval grafikk, plakatar, linprodukt og smykke i Sofiehuset.

Kraftig suppe med himabakt brød og flatbrød, ny meny kvar helg. Følg med på facebook. Kaffimat: himabakst og vaflar.

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
0
Pris born
0

Arrangør

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Adresse
Hagalidvegen 463, Hagalidvegen 463
Postnummer og stad
4130 Hjelmeland

Kontakt

Hanne Sundbø
Postnummer og stad

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 29.09.2018 12:00 - 29.09.2018 17:00
  2. Søndag, 30.09.2018 12:00 - 30.09.2018 17:00
  3. Laurdag, 06.10.2018 12:00 - 06.10.2018 17:00
  4. Søndag, 07.10.2018 12:00 - 07.10.2018 17:00
  5. Laurdag, 13.10.2018 12:00 - 13.10.2018 17:00
  6. Søndag, 14.10.2018 12:00 - 14.10.2018 17:00
  7. Laurdag, 20.10.2018 12:00 - 20.10.2018 17:00
  8. Søndag, 21.10.2018 12:00 - 21.10.2018 17:00