Temakonsert: Psykisk helse

søndag 28. april 2019, 19:30 - 21:00

Informasjon

Solveig Barthun Rob og Morten Samuelsen har starta eit spennande samarbeid som dei no ønsker å nå ut til ulike forsamlingar med. No kjem dei til Hjelmeland.

 

Morten, som sleit sine barnesko på Hjelmeland, har sidan han var liten, sunge  saman med far sin og tvillingbroren Espen. Kanskje hugsar du Morten, Espen og far sine plater? Morten blei for alvor kjend då han deltok i ‘Norske talenter’. Der kom han til semifinalen med ein song til sin sjuke tvillingbror.

Morten reiser no rundt i Norge og held konsertar og syng salmar og lovsongar. Han har og gitt ut fleire cd-ar.
Solveig har jobba 23 år i NLM som barne- og ungdomsarbeidar før ho for 4 år sidan  byrja som erfaringskonsulent innafor psykisk helse i Bergen. Dette arbeidet inneber å bruke sine eigne erfaringar frå psykisk helse til å hjelpe og gje håp til menneske som slit psykisk. Solveig har i periodar sjølv slete med depresjon og angst og har vore innlagt på fleire psykiatriske institusjoner.
Dei siste 6 årene har ho fått vere frisk og ønskjer no å peike på vegar ut av depresjon og angst.

Temakonserten i Hjelmeland kyrkje vil innebere at Solveig har foredrag i fleire bolkar medan Morten syng songar knytt til temaet . Solveig fortel si historie, og seier i tillegg noko om fleire aktuelle tema som «Med Gud i medgang og motgang», tru og tvil, bønn, teneste og sorg. Morten har skreve eigne songar til dette, men har også med gode, gamle og kjente songar undervegs..

Arrangør: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval i samarbeid med Psykisk Helse i Hjelmeland kommune

Pris vaksen: 200

Stad

Hjelmeland kyrkje
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender