Vårutstilling & kafe 6. - 28. april

laurdag 6. april 2019, 12.00 - 16.00

Merknad: Stor opning. To kunstnarsamtalar

Informasjon

Møt våren i Galleri Hagalid med nye maleri frå den populære målaren Ivar Haugen, Finnøy og florlett brukskeramikk frå Sarah Louise Reed, Bergen.
Kafe alle opne dagar. Gratis inngong.
Les meir på www.hagalid.net eller facebook.
Keramikk og glas er alltid i Eldhuset.

Ivar Haugen malar med akrylmaling på plate eller også på papir som er heilt nytt for han. Han viser og små humoristiske linosnitt. Ivar hadde sin første separatutstilling i Galleri Hagalid i 2015, og blei straks populær.
Sarah Louise Reed frå Bergen har aldri stilt ut i Ryfylke før, men er landskjent for sine flortynne koppar og skålar, ofte med blomemotiv, blad eller fuglar. Ho skal og visa større ting i 2. etasje i Sofiehuset denne våren.

Servering: varm himalaga mat laurdagar og sundagar, kaffimat alle opne dagar.
Uteservering viss sol!

Ope: kl 12.00 - 16.00 laurdagar og sundagar  + ekstra i påskeveka: onsdag, Skjærtorsdag og Langfredag.
Stor opning laurdag 6. april kl 12.00 med Gunhild Vevik, Region Stavanger kunstnarsamtalar med begge kunstnarar.
Ekstra arr: Torsdag 25.4. kl 18.00: Inspirasjonsføredrag Mat for energi og glede! med kjøkkenhage-entusiast, bloggar og fersk forfattar Margunn Ueland.
Bokpresentasjon og signering. Inngong kr 200,- inkl servering.

Grupper på bestilling andre dagar. Muleg å bestilla varm mat til etter turen.

Pris vaksen: 0

Pris born: 0

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender