Hele Rogaland leser: «SKAMLØS»

onsdag 30. oktober 2019, 18.00 - 20.00

Informasjon

"Skamløs" blir årets bok i Hele Rogaland leser 2019. Forfattarane av boka kjem til Ryfylkebiblioteket Hjelmeland

Skamløs er skriven av Amina Bile (f. 1998), Nancy Herz (f. 1996) og Sofia Nesrine Srour (f. 1994). Dei starta rørsla som i media blir kalla "De skamløse jentene", og som for alvor sette negativ sosial kontroll på agendaen. For sitt arbeid har dei mellom anna motteke Fritt Ords Honnør (2017).

Kva får ein ung muslim som veks opp i Norge i dag til å kjenna skam? Er det forskjell på den typen skam ei jente og ein gutt kan pådra seg og familien? I så fall: Kvifor? Boka serverer lesaren samtaler mellom forfattarane, erfaringsbaserte fortelljingar og anekdoter blanda med refleksjon og ein god dose humor og "fandenivoldskhet". Frigjering og forvandling er nøkkelord. Boka er godt illustrert og lett å lesa, samstundes som bodskapen går rett inn i sentrale problemstillinger i Norge anno 2019. Dette gjer ho og interessant for vaksne.

 

https://ryfylkebiblioteket.no/

Stad

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland/Vågaståvå
 

Kontakt

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland
 

Grete Haugen Sandvik
Legg til hendinga i din kalender