Teatersprell

torsdag 1. august 2019, 10.00 - 15.00

Informasjon

Vil du gjere noko kjekt to dagar i sommarferien? Då kan du vere med på Teatersprell på Hjelmeland samfunnshus 1. og 2. august kl 10.00-15.00. Aldersgruppe 13-18 år. Påmelding innan 24. juli til tlf 40439155. Arrangør: Hjelmeland Teater med støtte frå Hjelmeland kommune.

Mat: Grilling ute, ta med pølser. Klede: Ta med ute klede etter veret og inne klede som er lette å bevege seg i.
Dag 1: Vi går inn i teaterverda og prøver oss på ymse dramaøvinger. Dette vil vere bli-kjent-øving, bevegelse, konsentrasjon og stemme. Vidare ser/prøver vi på kostymer, lyd- og lysutstyr, og teatersminke. Så prøver vi oss på scenen med litt improvisasjon.
Dag 2: Går vi litt vidare med ymse teaterteknikker, song/musikk, scenekamp, arbeid i grupper, etc. , og satsar på å vise eit sjølvlaga stykke for kvarandre på slutten av dagen.

https://hjelmeland.frivilligsentral.no/aktivitet?teatersprell-på-hjelmeland-samfunnshus&Id=5853

Stad

Hjelmeland samfunnshus
 

Kontakt

Hjelmeland Teater
 

Nettstad: http://hjelmeland-teater.no/

Morten Hetland
Legg til hendinga i din kalender