Informasjonsmøte om elg- og hjortejakta 2019

måndag 19. august 2019, 19.30 - 22.00

Informasjon

Etter pålegg frå Miljødirektoratet skal det i Hjelmeland takast prøvar av alle elg og hjort som er 2 år eller eldre som blir felt under jakta 2019.
Det er jegerane sjølv som skal ta ut desse prøvane.

For å gi informasjon om korleis prøvane skal tas, og for å dela ut prøveutstyr kallar me inn til informasjonsmøte. Mattilsynet deltek på møtet.

Program:

  • Litt om skrantesjuke - Mattilsynet
  • Korleis tek ein ut prøvar av hjerne og lymfeknutar – Mattilsynet
  • Registrering og innsending av prøvar - kommunen
  • Rapportering av fellingsresultat og bruk av hjorteviltregisteret.no – kommunen
  • Litt fellingsstatistikk frå jakta i 2018, utvikling i avskyting og tankar framover - kommunen.
  • Utdeling av prøveutstyr – jegerpakkar

Kontaktperson: Torborg Kleppa, torborg.kleppa@hjelmeland.kommune.no, tlf. 404 39 123

 

http://www.hjelmeland.kommune.no

Stad

Hjelmeland Samfunnshus
 

Kontakt

Hjelmeland kommune
 

Legg til hendinga i din kalender