Musikk og lyrikk

tysdag 26. november 2019, 19.00 - 20.00

Informasjon

Velkommen til ein kveld med musikk og lyrikk v/Kolbein Haga på orgel og Odveig Klyve som les dikt. Saman vil desse to ta oss med på ei reise under overskrifta "Kva er eit menneske?". Utøvarane lovar ein spennande dialog mellom Bach sin 250 år gamle musikk og Odveig Klyve sine eigne, nyskrivne dikt. 

Kolbein Haga

Kolbein Haga er organist, kantor og fyrsteamanuensis i orgel og kyrkjemusikkfag. Han gav solistdebuten sin i København og Oslo hausten 1976. Som utøvar har han profilert seg som tolkar av eldre musikk med vekt på nordtysk orgelbarokk og Bach, samt av nordiske komponistar frå våre århundre. Haga har gitt konsertar og gjort radio- og plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Nederland, Storbritannia og Tyskland.

Odveig Klyve

Odveig Klyve er  forfattar, gjendiktar og filmskapar. Det er i år 25 år sidan ho debuterte. Ho har publisert over 20 bøker, både  for born og vaksne, og er gjendikta til mange språk, m.a. arabisk, engelsk, fransk, spansk, persisk, kinesisk, russisk og hindi. Ved framføringar av dikta sine har ho samarbeidd med mange ulike musikarar. Kortfilmane hennar er inviterte til festivaler i Europa, USA og India.

 

Pris vaksen: 150

Stad

Hjelmeland kyrkje
 

Kontakt

Hjelmeland kyrkjemusikalske utval
 

Legg til hendinga i din kalender