AVLYST - Konsert: VAMP

måndag 13. juli 2020, 17.00 - 21.00

Informasjon

Kjære billettkjøpar,
Arrangementet med Vamp er diverre avlyst. Billettar kjøpt via ticketmaster.no, blir refundert ved fylle ut skjema her:
https://help.ticketmaster.no/hc/no/requests/new?ticket_form_id=360000715054
Billettar betalt med kort eller vipps på telefon eller web, blir refundert tilbake til kortet som er belasta ved kjøp. Siste frist for refundering er 4. august 2020. NB! Serviceavgifter refunderes ikke.
Med vennlig hilsen Nora, Client Support Ticketmaster

Utvalgte kystperler får besøk i løpet av dei første vekene i juli månad og Hjelmeland er ein av dei! Dette er ein veldig spesiell turne, scenen er nemleg om bord på akterdekket til veteranbåten MS/Granvin. 

Som været på Vestlandet er Vamp fulle av kontrastar, frå det voldsomme og dramatiske til det lune og inderlege. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har truffe den norske folkesjela! 

Litt om MS/Granvin

I perioden 1931-1987 blei "Granvin" brukt som fjordabåt til lokalrutefart i Hardanger og frakta både passasjerer, gods og bilar. Under krigen frakta "Granvin" og "Eidfjord" norske soldatar frå Kinsarvik til Granvin, då fem tyske motortorpedobåtar angreip dei norske styrkane i Ulvik. "Eidfjord" blei tatt som tysk krigsbytte, medan "Granvin" rakk å koma seg ut før sjølve angrepet. 

Sidan 1988 har "Granvin" vore eit svært aktivt og populært veteranskip, drevet av veteranskipslaget Fjordabåten i Bergen. I 2011 vart båten freda av Riksantikvaren. 

Billettar

  • Vaksen kr 450,-
  • Barn (12-18 år) kr 220,-
  • Barn (0-11 år) kr 0,- i følge med føresette
  • Kjøp billett 
     

Kan kanskje være lurt å ta med ein campingstol eller liknande? 

Stad

Hjelmelandsvågen
 

Kontakt

Hjelmeland kommune - kulturkontoret
 

Legg til hendinga i din kalender