Kontaktforum for Lag og organisasjonar i Hjelmeland

tysdag 7. januar 2020, 17.30 - 19.30

Informasjon

Ein gong i året vert alle lag og organisasjonar i Hjelmeland innkalla til kontaktforum. Møtet i 2020 er tysdag 7. januar kl 17.30-19.30. På Spinneriet. Kontaktforum i januar er ein del av det som står i frivilligstrategien som er vedteke av kommunestyret i Hjelmeland.
 
Agenda:
1. Opning v/ordførar.

2. Gjennomgong av del av kommunebudsjettet med verbalpunkt som har relevans for frivillig arbeid v/Ordførar og andre kommunestyrerepresentantar.

3. Ymse informasjon frå kommunen v/kulturleiar, leiar frivilligsentralen og Jan Sverre Grimstad:
-Søknadsfristar: Kulturmidlar, frivilligfond og driftstilskot til Bygdaråda.
-Informasjon om tidsfristar i ordninga: «Spelemidlar til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, samt nærmiljøanlegg»
-Rydding og merking av turstiar, er dette noko som fleire organisasjonar vil vere med på? Fadderordning?
-Strandryddeveka 27.4- 3.5.2020
-Registrering av lag og organisasjonar på nettsida til kommunen gir laget tilgong til kommunens kalender.
-Lag og organisasjonar i Hjelmeland er velkomen til årssamling for Frivilligsentralen den 12. februar kl 18.00 på Spinneriet. Arrangementet er ope for alle.
-Informasjon om prosjektet Hjelmeland naturlegvis v/Jan Sverre Grimstad.

4. Enkel servering med «Speed date», tid for samtale med kvarandre.
 
Send ei melding til asmund.sigmundstad@hjelmeland.kommune.no  om kven som kjem frå din organisasjon innan 6. januar slik at me kan førebu ei enkel servering.
Me ber også om at du sjekker om organisasjonen din har oppdatert kontaktinformasjonen i Brønnøysundregisteret.

Stad

Spinneriet
Burmavegen 11,  4130 Hjelmeland

Nettstad: https://hjelmeland.kommune.no

Kontakt

Hjelmeland kommune
 

^Åsmund Sigmundstad
Legg til hendinga i din kalender