Hjelmeland naturlegvis! - januar 2020

laurdag 18. januar 2020, 10.00 - 16.00

Informasjon

Me i Hjelmeland vil ønske velkommen til spennande helgeaktivitetar og -opplevingar i januar 2020. La deg friste av lokal mat, nærings- og bustadtomter, døgnopne turstiar og sjølvbetjente naturopplevingar, samt raust med parkeringsplassar.

 

Dette skjer lørdag 25.januar

  • Kl. 10:00-15:00 - Open informasjonsskranke i biblioteket på Hjelmeland. I tillegg er kommunehuset ope for omvisning.
  • Kl. 10:00- 18:00 - Gardsbutikken på Grønvik er open kvar helg. Her får du tak på alle typer Eplemost frå Grønvik, syltetøy, marmelader og diverse andre ting. Fin butikk i vakre omgivelser.
  • Kl. 12:00-15:00 - Det blir sal av vafler ved Årdal barnehage. Kjekt uteområde for barna, med bord og benker for heile familien.
  • Aktiv Eiendomsmegling ønsker velkommen til visningshelg i Ryfylke. Både laurdag og søndag har me ope hus på alle våre eigedommar i Hjelmeland. Påmelding innan fredag 24. januar kl. 18:00. Ta kontakt for avtale om visning på tlf. 51 74 55 00 eller e-post ryfylke@aktiv.no.  
  • Transport/minibuss kan bestillast hos Jøsneset tut og kjør v/Sven Gil Westersjø tlf. 928 62 410.
  • Eventyrskogen i Årdal er døgnopen. Her er det mulig å overnatte i lavvo. Reserver på tlf. 404 39 153. Følg skilting frå RV13. Følg "Eventyrskogen" på Facebook. 
  • Jøsneset helselag har laga eige kart over døgnopne turløyper på Jøsneset.
  • Kl. 19:00-01:00 - Maleniusgalla - 3-rettars middag og musikk, glamour og lokale artistar. Utdeling av Maleniusprisen. Pris 650,-

Dette skjer søndag 26. januar

  • Ca. kl. 11:00 - Bli med Helgøy skyssbåt på cruise inn Jøsenfjorden for å oppleva fjord og fjell! Du får sjå Skomakernibba frå fjorden og me går inn i ei flott vik kalla Osmundshavn med båten. Me tek også turen innom Tytlandsvik der du får sjå det landbaserte smoltanlegget frå sjøen. Turen vidare går forbi Segadal og inn Førre, denne delen er særleg spektakulær med høge fjell på opp til 800/900 meter og trang fjord. Avgang frå Fister kl. 11.00, Ølesund kl. 11.10, Hjelmeland kl. 11.15 og Nesvik kl. 11.20. Me er i Førrebotn ca. kl. 12.45. Retur til Nesvik kl. 13.15, Hjelmeland kl. 13.20, Ølesund kl. 13.25 og Fister kl. 13.35. Turen vil bli gratis for alle som ønsker å være med. 
  • Kl. 10:00-18:00 - Gardbutikken på Grønvik er open kvar helg. Her får du tak på alle typer eplemost frå Grønevik, syltetøy, marmelader og diverse andre ting. Fin butikk i vakre omgivelser. 
  • Kl. 11 - Gudsteneste i Hjelmeland kyrkje.
  • Kl. 13:00- 15:00 - Velkommen til open dag på Randøy. Møt opp på Randøy skule, 1,5 km frå Randøy bru. Det vil bli aktivitetar som f. eks bueskyting på skulen. Her vil det bli gratis servering til store og små. Randøy Vel har store kart som syner bustadområde på Randøy, og tilbod om visning av tomtene. Du kan bli med på tur til utsiktsplassen, Bruratona som tek rundt 60min. Hugs gode sko, og klede. Det vil vera presentasjon av ulike næringar på Randøy som f. eks. steinbrot, fruktdyrking. Kunstnar Liv Reidun Brakstad har ope galleri, adresse Randøy Ring 64 (Ølesundbakken).
  • Kl. 11:00- 15:00 - Randøy Handel har ope søndag. Her får du daglegvarer, samt tilbod om kaffi og nybakst. 
  • Kl. 12:00- 15:00 - Det blir sal av vafler ved Årdal barnehage. Kjekt uteområde for barna, med bord og benker for heile familien. 
  • Kl. 12:00-15:00 - Petter Tytalndsvik opnar hytta si i Breilandsneset hyttefelt. Velkommen til alle! Adr.: Vormedalsvegen 1081, 4130 Hjelmeland. 
  • Kl. 12:00-15:00 - Velkommen til Ryfylke gardsysteri. Her blir det osteløp, klapping av kyr og kalvar, gardsutsal og kos. Me har laga ei løype, Osteløpe, med oppgåver som barn og vaksne skal løyse i lag undervegs. Målet er å la barn og vaksne leike i lag, skape samhald og ha det morosamt. Me stiller med bålpanne, kaffe og saft. Dei som ønsker det, kan ta med grillmat. Det blir gardsutsal av egg og saueskinn med meir. Det blir og smaksprøvar på yoghurt frå Ryfylke gardsysteri. Dette er ein dag som passar for alle i familien. Arrangementet er i samarbeid med Usentralen. 
  • Kl. 12:00-15:00 - Open informasjonsskranke i biblioteket på Hjelmeland. I tillegg er kommunehuset ope for omvisning.
  • Kl. 14:50-18:10 - Lyst til å besøke Helgøy i Årdalsfjorden? Me tek i mot dykk på kaien på Helgøy og tek dykk med over øya. Me har leikeplass og fotballbane til ungane og ein liten gardsbutikk med eplesaft, is og cola for dei som vil ha det. Ta hurtigbåten frå Fister kai kl. 14:50, den tek 10 minutt til øya. Retur går kl. 18.00 frå Helgøy (er på Fister kl. 18.10). 
  • Aktiv Eiendomsmegling ønsker velkommen til visningshelg i Ryfylke. Både laurdag og søndag har me ope hus på alle våre eigedommar i Hjelmeland. Påmelding innan fredag 24. januar kl. 18:00. Ta kontakt for avtale om visning på tlf. 51 74 55 00 eller e-post ryfylke@aktiv.no. 
  • Transport/minibuss kan bestillast hos Jøsneset tut og kjør v/Sven Gil Westersjø på tlf. 928 62 410. 
  • Eventyrskogen i Årdal er døgnopen. Her er det mulig å overnatte i lavvo. Reserver på tlf. 404 39 153. Følg skilting frå RV13. 
  • Jøsneset helselag har laga eige kart over døgnopne turløyper på Jøsneset.

Dette skjer lørdag 8. og søndag 9. februar

  •  Hjelmelandspeiderne invitere til Ryfast-haik. Dei setter opp stjernetelt, bålpanne og lavo ved klubbhuset på Fister. Speiderne kan ta ut på haik, eller ligge i telt oppe på Lauvåsen eller i hengekøye i skogen.
    Påmeldningfrist: onsdag 5. ferbruar. Les mer.

Stad

Heile kommunen
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender