Hjelmeland naturlegvis - vinterferien

laurdag 22. februar 2020 00.00 - søndag 1. mars 2020 23.55

Informasjon

Me nyttar vinterferien som ei ny anledning til å vise fram kva me har å by på i Hjelmeland! 

Måndag 24. februar

  • Ope bibliotekpå Hjelmeland, kl. 10.00-15.30. 
  • Glad i å bade? Bassenget på Hjelmeland ungdomsskule er ope frå kl. 17.30-19.00 for bading. Prisen er kr 20,- for barn og kr 30,- pr. badande vaksen.  

Tysdag 25. februar

  • Ope bibliotek på Hjelmeland, kl. 10.00-15.30. 
  • Perlene i Rogalandsnaturen. Foredrag av leiar i Naturvernforbundet i Rogaland. Kl. 19.30-21.00 på Spinneriet, Hjelmeland. 

Onsdag 26. februar

  • Ope bibliotek på Hjelmeland, kl. 10.00-15.30.
  • Onsdagskafé. Mikal O. Viga fortel om bedrifta Mikals Laks og produktet Kingmikalsalmon. Kl. 11.30-13.30 på Årdal omsorgssenter. 
  • Open kafé i Hjelmelandsvågen. Velkommen til eit treffpunkt i Vågen! Det blir sal av kaffi og himabakst. Kl. 13.30-16.30 i "Det grøne rommet" på kommunehuset. 
  • Glad i å bade? Bassenget på Hjelmeland ungdomsskule er ope frå kl. 17.30-19.00 for bading. Prisen er kr 20,- for barn og kr 30,- pr. badande vaksen.   
  • Språkkafé - snakka norsk? Kl. 18.00-19.30 i Ryfylkebiblioteket på Hjelmeland. 

Torsdag 27. februar

  • Ope bibliotek på Hjelmeland, kl. 10.00-15.30.
  • Teatersprell med leikar og aktivitetar for barn og unge frå 5. klasse til og med vidaregåande (vg3). Møt opp på Hjelmeland Samfunnshus, kl. 12.00-15.00. Gratis. 
  • Fisterseminaret. Kreativt, engasjerande, angår deg og våre naboar. Kl. 18.30-21.00 på Fister skule. 

Fredag 28. februar

  • Ope bibliotek på Hjelmeland, kl. 10.00-15.30.
  • Open møteplass for eldre. Her kan du sitte ned å ta ein drøs eller vere med å gå ein liten tur. Ope for alle. Kl. 11.00-13.00 på Hjelmeland omsorgssenter. 
  • Glad i å bade? I dag kjører me Poolparty i bassenget på Hjelmeland ungdomsskule. Me har musikk og du får noko å bite i etter badinga. Det er ope frå kl. 17.00-19.00. Pris er kr 150,- pr. familie eller kr 40,- pr. ungdom. Badevaktene har kontroll på kor mange som kan være i bassenget til ei kvar tid. Skriv gjerne kor mange som kjem i kommentarfeltet under posten vår på Facebook.
  • Ungdomsklubb. Møteplass for ungdom i alderen 13-18 år. Kl. 19.00-22.00 på Hjelmeland Samfunnshus. 

Laurdag 29. februar

  • Ope bibliotek med informasjonsskranke. Kl. 12.00-15.00 på Hjelmeland. 
  • Coop Marked Årdal serverer lappar og kaffi/saft til sine laurdagskundar i vinterferien. Opningstida er kl. 09.00-17.00.

Alle dagar

  • Transport/minibuss kan bestillast hos Jøsneset tut og kjør, måndag til torsdag. Tlf. 928 62 410 v/Sven Westersjø Gjil. 
  • Eventyrskogen er døgnopen. Mulig å overnatte i lavvo. Reserver på tlf. 404 39 153. Årdal i Ryfylke.

Stad

Heile kommunen
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender