AVLYST - Blomstrande Hjelmeland: Inspirasjonskveld

torsdag 26. mars 2020, 19.00 - 21.00

Informasjon

Me ønskjer oss eit blomstrande Hjelmeland, og vil i sesongen 2020 lyse ut til konkurranse om vakraste inngangsparti !
Det kan vere utanfor butikkdøra di,  på arbeidsplassen, møteplassen – eller kanskje som velkomst til  bygda di ?
Målgruppa for konkurranse vil primært bli næringsdrivande, bygdelag/frivillige organisasjonar, offentleg verksemd.

Som start på vår blomstrande framtid hadde me tenkt å invitere til inspirasjonskveld med tips, gode råd og smarte kjøp for at nettopp du og di verksemd skal få det til å bli frodig og vakkert framfor di dør. 

Den planlagde inspirasjonskvelden utgår ! Me oppmodar likevel alle (kanskje meir enn nokon gong) til å plante blomster i urner, krukker og bed -  og gjere det triveleg i dykkar nærmiljø 

Me vil etterkvart gje informasjon om konkurransen, som òg vil bli kunngjort og presentert i sosiale media Facebook Blomstrande Hjelmeland. 

Prosjektet Blomstrande Hjelmeland er eit samarbeid mellom Hjelmeland Handel-og serviceforening, Hjelmeland Hagelag og Hjelmeland kommune.

 

Stad

Spinneriet
 

Kontakt

Hjelmeland hagelag
 

Anne Spilde
Legg til hendinga i din kalender