Kom mai du skjønne milde i Galleri Hagalid

laurdag 23. mai 2020, 12.00 - 17.00

Informasjon

Ekstra opne langhelger i mai:

Sidan Vårutstillinga vart avlyst, opnar me no forsiktig galleriet i mai med enkel kafe over to langhelger: 
1. - 3. mai kl 12 - 17
21. - 24. mai kl 12 - 17
Nokre maleri og monotypiar frå Ellen Kalvig har kome inn, samt bilde frå ny kunstnar Kjerstin Jensen, Bergen. Grafikk frå faste utstillarar. Kunsthandverk i to hus.
Kaffimat inne og ute, god plass i solveggen og i hagen.
 

Galleri Hagalid ønsker å opna forsiktig med nokre nye arbeide, samt dei faste utstillarane i Sofiehuset og Eldhuset. 
Enkel kafe med himalaga kaffimat.
Gratis inngong - alle velkomne!

Me tek smittevernet på alvor;
Gjester i Sofiehuset har lett tilgong på tre plassar for handvask.
Det kan bli avgrensing i tal personar inne i husa samstundes. Det er god plass ute.
Det blir ikkje buffet-servering eller varm mat.

Pris vaksen: 0

Pris born: 0

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender