Sommarutstilling & kafe

søndag 16. august 2020, 11.00 - 17.00

Informasjon

Galleri Hagalid ønsker velkomen til stor kollektiv sommarutstilling med maleri, grafikk, plakatar, keramikk og porselen, blåst glas, sølv- og emaljesmykke, vesker, trearbeide, klede i ull, bomull og lin og kunstlys.

Om opninga 13. juni

Opninga laudag 13. juni kl. 11.00 blir lukka, men filma og lagt ut på Facebook seinare same dag. Redaktør Esther Moe, Suldalsposten vil opna, deretter kunstnarsamtale med bildekunstnar og karikaturteiknar Hilde Thomsen, Fister.
Publikum slepp inn kl. 12.00 og kan då få snakka med Hilde Thomsen og Esther Moe.
Kafeservering frå kl. 12.30. Grunna redusert tal bord, bed me om bordreservasjon 13. juni til Hanne.

Utstillinga

Utstillinga har kjente profesjonelle norske utøvarar, gjerne frå Ryfylke og vestlandet i både Sofiehuset og Eldhuset: Ellen Kalvig, Hilde Thomsen, Kristian Finborud, Grethe By Rise, Geir Nymark, Ivar Haugen, Lunch - Børge Lund, Jan Terje Rafdal, m.fl. Kunsthandverkarar som Sarah L. Reed (porselen), Øyvind Tingleff, Eva Sæverud, Stavanger Glassblåseri, Øystein Haga, m.fl.
Ny bildekunstnar i 2020: Kjerstin Jensen, Bergen. Sal rett frå vegg.

Kafe

Enkel kafe alle opne dagar med kaffimat og iskrem og godt drikke. Varm himalaga kraftig suppe med himalaga brød og flatbrød kvar laurdag og sundag. Det blir ikkje buffet grunna smittevernreglane i 2020. Me bed om forståing for at serveringa i år vil kunne ta noko tid. Alltid god plass i hagen! Smak Hagalid satsar på mest muleg lokale råvarer.

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender