Lysefjordcruise til Flørli og Lysebotn - frå Fister, Fogn, Talgje og Tau

søndag 9. august 2020, 10.00 - 18.00

Informasjon

Lysefjorden er ein av dei mest kjende fjordane i Norge. Bli med på tur innover fjorden til Flørli og Lysebotn!

Her kan du gå i verdas lengste trapp, 4.444 trappetrinn tek deg 740 meter opp i fjellet. Trappa vart opprinneleg bygd i samband med kraftstasjonen på Flørli. Kraftstasjonen blei bygd i 1917 og skulle opprinnelig sikre kraft til eit planlagd smelteverk i Flørli. Flørli var utover 1900 talet ei levande bygd med fleire innbyggjerar og eigen skule. I dag er det bare to fastbuande att i Flørli.

På veg innover Lysefjorden stoppar vi i Fantahola og får høyra historia om fantafølgjene som rymde inn i denne fjellhola for å unngå lensmannen. Litt lenger inne i fjorden kjem vi til Preikestolen. Den rager meir enn 600 meter over oss, og vi ser om vi kan helsa på turfolk som sit og dinglar med føtene ut frå kanten fjellformasjonen. Vidare innover stoppar vi ved Hengjanefossen kor vi får ein forfriskande dusj, og høyrer om den tyske desertøren som etter krigen gifta seg med Sikke frå Hengjane.

For dei som vil gå trappene er det 4 timer til heimreise. For dei som ønsker går vi vidare innover til Lysebotn og ligg ved kai ca. ein time.

Det er mogleg å kjøpe mat og lunsj i Kafè 4444 i Flørli. Her kan du også kjøpa med deg snacks og turmat til å ha med i sekken oppover trappene. Ta med gode sko og klede. Turen er ei oppleving.

Turen går søndagar. Avgang frå Fister kl. 10:00, Sørvåg (Fogn) kl. 10:15, Talgje kl. 10:30 og Tau kl. 10:40. 

Les meir og bestill billett.

Velkommen om bord!

Stad

Fister
 

Kontakt

Helgøy skyssbåt
 

Legg til hendinga i din kalender