Quizløype for heile familien

torsdag 6. august 2020, 07.00 - 20.00

Informasjon

Velkommen til quizløype for heile familien!

Målet med turane er å ha det kjekt saman og at ungane skal oppleva meistring. Hjelp dei gjerne med hint, for dei minste ungane held det om dei kan sei kva dei ser på bileta. Alle som er deltek er med i trekning om gåver gitt av Hjelmeland Sparebank.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Det er laga to quizløyper:

Riskedalsvatnet

Du finn postkassen med kart over løypa i starten av turen, ved Årdal gamel kyrkje. Prikkane på kartet viser kor spørsmåla står. Alle spørsmåla står langs stien. Klarer de å sjå kva som har inspirert Hilde Thomsen? Stien er tilrettelagt for barnevogn og rullestol. Parker ved Årdal gamle kyrkje.

Hjelmen

I starten av løypa står postkassen med kart laga av Hilde Thomsen. Ta med kartet og sjå etter postane. Kan de sjå kva som har inspirert Hilde? Her er ikkje tilrettelagt for barnevogn, så ha med bæremeis til dei minste. Det er plass til eit par bilar der stien startar, om det er fullt er parkeringa ved Hjelmeland kyrkje eit fint startpunkt. Følg vegen rett opp for å finne starten av løypa. 

Praktisk informasjon

Turane passar for barn opp til småskulen. 

Hjelmeland Sparebank har gitt premiar som vil bli trukket 24.august. Ei trekning for dei minste og ei trekning for dei eldste.
- Termodrikkeflaske
- Handkle
- Tursekk med innhald

Quizløypa er laga i samarbeid med eventbyrået Usentralen og illustratør Hilde Thomsen. 

Stad

Heile kommunen
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender