Haustutstilling & kafe

søndag 4. oktober 2020, 12.00 - 17.00

Informasjon

Me gler oss til dobbel separatutstilling med Ingunn Fyllingen, Stavanger med bilde og Øyvind Ringleff, Ringerike med keramikk-skulptur.

Kvar kunstnar får kvar sine utstillingsrom i Sofiehuset.

Fire helger med kultur og servering - laurdag og sundag kl. 12-17!
Kunsthandverk og grafikk frå faste utstillarar.
Enkel kafe med kraftig suppe og kaffimat. Avgrensa tal bord inne pga smittevernet, bestill difor bord i god tid på sms/tlf eller epost til Hanne og få stadfesting. Meny på Facebook.

Opningsdagen 26. september

Opningsdagen blir det inga formell opning grunna smittevernet, men kunstnardialog med Øyvind og Ingunn kvar for seg i fleire omgangar. Du skal få snakka med kunstnarane i trygge formar! Gratis inngong og forfriskingar.

Samtale for grupper på maks. 8 + 8 personar, først frå 12.15, så bytte 12.45. Ved behov er neste samtalar kl. 14.

Serveringa i kafeen opnar difor tidlegast kl. 13.15 denne dagen (andre opne dagar frå kl. 12 som vanleg)

Informasjon og påmelding til samtale-gruppe til Hanne på sms, tlf eller epost, stadfesting blir sendt ut. Sjekk hagalid.net eller Facebook for detaljar.

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender