Haustutstilling & kafe

søndag 18. oktober 2020, 12.00 - 17.00

Informasjon

Me gler oss til dobbel separatutstilling med Ingunn Fyllingen, Stavanger med bilde og Øyvind Tingleff, Ringerike med keramikk-skulptur.

Kvar kunstnar har kvar sine utstillingsrom i Sofiehuset. Fyllingen viser akylmaleri og monotypiar som trykk. Tingleff viser skulpturar av barnebarn, lysestakar for bord og vegg, større krukker og nye humoristiske dyrefigurar til å henga opp eller ha på bord.

Fire helger med kultur og servering - laurdag og sundag kl. 12-17!
Kunsthandverk og grafikk frå faste utstillarar: tekstil, porselen ,grafikk, plakatar, kunstlys.
Enkel kafe med kraftig suppe og kaffimat. Avgrensa tal bord inne pga smittevernet, bestill difor bord i god tid på sms/tlf eller epost til Hanne og få stadfesting. Meny kvar veke på Facebook.

 

Smittevernet i galleriet betyr at ein kan måtte venta ute eller i Eldhuset når det er for mange personar i Sofiehuset. Om ein ønskjer å nyta kunst, kunsthandverk og eit måltid i ro og fred, er det lurt å koma rett etter opning kl 12 eller mellom kl 15 - 17.

Pris vaksen: 0

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender