Konsert: Hilde Selvikvåg

torsdag 29. oktober 2020, 19.00 - 20.30

Informasjon

Klikk for stort bileteHilde Selvikvåg har på kort tid oppnådd stor suksess med Spellemannsnominasjon av debutalbumet og fleire store radiohits på løpande band. Med sine fengjande poplåter som «Karusell», «Indie», «Anemone» og «Fryd» har ho sneke seg inn i mange hjarter og vist at ho er ein unik artist og låtskrivar som våger å gå sine eigne vegar.

No er artisten ute på ein landsdekkande soloturné, berre med ho og pianoet. Ektefølt og nært formidlar ho tekstane sine på klingande jærdialekt slik som berre ho kan, og framkallar latter så vel som tårer med varme og nærvær.

Kjøp billett.

Arrangør: Hilde Selvikvåg og Hjelmeland kommune

Stad

Spinneriet
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender