Still going wrong

fredag 6. november 2020, 18.30 - 21.30

Informasjon

Mugge & Bugge reiser rundt med sitt nye show «Still going wrong», og denne kvelden ramlar dei innom Epleriet på Helgøybakkane. Her bekrefter dei egentlig alle mistanker om at dei er fullstendig på jordet. 

Bli med på ein festlig kveld i frodige omgivelsar på Helgøybakkane Fruktgard og det flunkande nye selskapslokalet «Epleriet»!

Rutebåt frå Stavanger kl 16.45 som går innom Tau, Talgje og Fogn på veg til Judaberg. Her blir det båtbytte til rutebåten Helgøy Glimt som går innom Sæbøvåg på Fogn og Grønvik på veg til Helgøy.

På Helgøy går ein ca 600 meter opp til Epleriet, så gode sko og klede er viktig!

Det blir servert ein tapastallerken og lokal eplesaft, så gje beskjed om eventuelle allergiar.

Rutebåten tilbake går frå Helgøy kl 21.30, via Grønvik, Sæbøvåg og til Judaberg. Her blir det båtbytte og ferda går vidare til Fogn, Talgje og Tau før båten er i Stavanger kl 22.55.

Pris kr 449,- per person for show, mat og drikke. 

Bindane påmelding med navn og telefonnummer seinast 2.november til post@helgoybakkane.no eller tlf. 41 92 81 53.

På grunn av koronasituasjonen har me begrensa plass og ønsker at dei som skulle ha luftveggsymptomer held seg heime.

Stad

Helgøybakkane Fruktgard
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender