Ryfylkequiz

onsdag 21. oktober 2020, 12.00 - 13.00

Informasjon

I år er det femte året at ryfylkequizen blir arrangert. Og sjølv om Covid-19 satte ein føreløpig stoppar for quizen i vår, blir det quiz i haust! Skulefinalar blei gjennomført i september, og onsdag 21. oktober kl. 12.00 blir det finale på Hjelmeland. Og i og med at me ikkje kan samla så mange som før så blir det direktesending av finalen! Klikk deg inn på sendinga rett under her. Onsdag 21. oktober kl. 12.oo altså! Hjelmeland Sparebank er med på laget, og deler ut pengepremiar til dei tre beste laga.

 


 

Kva er ryfylkequiz?

Kvar vår dei siste åra har Ryfylkealliansen reist rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. Om historia til Ryfylkeregionen, geografi, kultur, politikk, identitet og så vidare. Og så har me testa ungdommane ved hjelp av quiz etterpå. Først på kvar skule, og så i ein stor ryfylkefinale der kvar skule er representert med eit lag på tre elevar.
Og jammen kan dei mykje, 8. klassingane!

Sjå finalistane.

Følg ryfylkequizen live onsdag 21. oktober kl. 12.00.

Stad

Digitalt
 

Kontakt

Ryfylkealliansen
 

Legg til hendinga i din kalender