Førjulshelg i Galleri Hagalid

søndag 22. november 2020, 12.00 - 18.00

Informasjon

Me inviterer til tre galleridagar:
Førjulstid på Hagalid - kulturelt påfyll med duft og smak av himabakst og natur.

Velkomen til ro og kulturell drøs i duft av himabakst og røkelse. Absolutt ingen julemusikk! Graut- og nissefri sone...

Fargerike inntrykk av handlaga arbeide frå mange utøvarar: grafikk, plakatar, kunstkort. Trearbeide, keramikk, blåst glas, smykke, lin og ull. 

Handdyppa saktebrennande stearinlys, skulpturelle eller stakelys i tre lengder og eit vell av fargar. Kubbelys i mange str og fargar. 

Me pakkar julegåver om det trengs.

I kafeen blir det kaffimat med førjulssmak, gløgg og himalaga snop.
Pga smittevernet er det smart å tinga bord til eit eksakt tidspunkt også for kaffimat.

Gratis inngong, og ikkje minst gratis is til alle barn (under 12 år).

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender