Inspirasjonssamling for frivillige

måndag 7. desember 2020, 10.30 - 13.00

Informasjon

Hjelmeland Frivilligsentral inviterer frivillige til inspirasjonssamling på Spinneriet. Har du ei frivillig oppgåve i ein organisasjon eller i frivilligsentralen er du velkomen til å delta. Program er eit inspirerande foredrag med Audun Myskja som vert livestreama på storskjerm, etter foredraget vert det servering av lunsj. Dette vert arrangert med støtte frå Frivillig Rogaland og Rogaland fylkeskommune. På grunn av covid 19 er det begrensa plasser. Påmelding til tlf 40439155 innan 30 november.

Dei siste ti åra er Audun blitt ein mykje etterspurt foredragshaldar, med rundt 100 foredrag årleg i inn – og utland. Hans arena har i utgangspunktet vore helsevesenet, men dei seinare år har det i aukande grad vore foredrag for kommunar, institusjonar og bedrifter som søker inspirasjon til å hente ut menneskje sine ressursar, verktøy til meistring og samspel. Audun Myskjas varemerke er å illustrere sine poeng med konkrete eksempler og songar som viser veg frå visjon til handling. Sitat i Tidskriftet Mat og helse: ”Har du vore på foredrag med Audun Myskja, gløymer du det aldri"

Stad

Spinneriet
Burmavegen 11,  4130 Hjelmeland

Nettstad: https://hjelmeland.kommune.no

Kontakt

Hjelmeland frivilligsentral
Vågavegen 115,  4130 Hjelmeland

Nettstad: http://hjelmeland.frivilligsentral.no

Åsmund Sigmundstad

Mobil : 40439155

Legg til hendinga i din kalender