Møt onsdagsgjengen
Deretter får du møte "ONSDAGSGJENGEN" ein svært sprek og oppegåande pensjonistgjeng som går på tur i Hjelmeland kvar onsdag uansett vær og vind. Her blir det ekte TURGLEDE!
Arne Kleppa er ein av initiativtakarane, og Endre Nordbø er "fast" fotograf og legg ut turreferat på Facebook, slik at me alle får følgje med på alle dei flotte turane - og får oss til å glede oss til å bli pensjonistar !
Denne kvelden får me vere med dei på tur: I ord og bilder tar Arne oss med på turar i Hjelmeland; frå strandkant til snauhei, frå villmark til kulturmark, på gamle og nye stiar og til kjente og ukjente turmål. Ja, her kan du få mange gode tips om turperlene i vår eigen vakre kommune.
Matservering
For dei som møter fysisk i Spinneriet blir det varm, tradisjonell turmat, med spanande og variert tilbehør - og kaffe/te og god tid til turprat.
Kontakt
-
-
Svanhild Hjorteland Gbada