Vårutstilling & kafe

søndag 11. april 2021, 12.00 - 16.00

Informasjon

Møt våren i Galleri Hagalid med kulturelle opplevingar! Nye bilde i unik, fargerik collageteknikk i koreansk hanjipapir frå bildekunstnar Åse Berit Skeie Ulltang frå Os ved Bergen og sober keramikk frå populære Beate Lund Kristiansen, Trondheim.

Gratis inngong.

Les meir på www.hagalid.net eller Facebook | Galleri Hagalid.
Keramikk, glas, tekstil mm er alltid i Eldhuset og i Sofiehuset 2 etasje.

Fargerik vårutstilling

Me gler oss til ein fargerik Vårutstilling med heilt spesielle bilde frå Åse Berit Skeie Ulltang som har budd i Korea og lært seg å bruka hanjipapiret frå morbærtreet til abstrakte collagar som ho så malar på. Orange, gult og skarpt grønt er typiske fargar på lerreta her, men og neddempa tonar.
Keramikar Beate Lund Kristiansen har vore med i galleriet frå starten i 2013 med populære kunstklossar, krus og bollar, men skal no vise større arbeide.

Dessverre blir det ikkje eit opningsarrangement på denne salsutstillinga, men god informasjon om kunstnarane og kunsten blir lagt på nett.

Enkel kafe med kaffimat og godt lokalt drikke alle opne dagar, suppegryte laurdag og sundag.
Smitteverntiltak: Bordbestilling og avgrensa plass inne, avgrensa sjølvbetening.
Bordsete til faste tider på populære dagar, følg med på facebook og hagalid.net for informasjon om bestilling.

Avgrensa plass inne, men god plass i hagen. Eldhuset er og ope.

Ønsker du å koma på andre tider og eventuelt tinga eit måltid? Ta kontakt i god tid!

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender