Bli med oss, for å utforme eit tilbod til deg!

fredag 9. april 2021, 11.00 - 13.00

Informasjon

Er du mellom 18 og 30 år, og står utan eit skuletilbod eller arbeidsforhold? 

Me ønsker å gje deg, som grunna korona eller som av andre grunnar står utan skule eller arbeid, noko meiningsfylt og kjekt å gjera! Me vil veldig gjerna ha deg med på å utforma tilbodet! 

Formålet er å førebygga utanforskap og fråfall. Me er interessert i kva du tener at me kan bidra med for at vegen til jobb og kvardagen skal bli best mogleg.

Me inviterer difor til ei samling ved Prestøyrå fredag 9. april kl. 11-13.00. 

Grunna koronarestriksjonar ber me om påmelding innan 8. april til tlf. 404 39 074.

Initiativet er eit samarbeid mellom helseeininga og NAV.

Stad

Prestøyra
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender