Kurs aktivitetsven

onsdag 19. mai 2021, 16.00 - 17.30

Informasjon

Vil du vere aktivitetsven?

I nokre år har omsorgsavdelinga i kommunen, frivilligsentralen og kyrkja samarbeida om noko som heiter kvardagsven, besøksven og aktivitetsven. Dette er tilbod som har gått i det stille i fleire år, og som me no vil sette nytt fokus på. Me vil nytte kursopplegget som Nasjonalforeninga for folkehelsa har utvikla- dei kallar det aktivitetsven.

No vil me gi tilbod om kurs for frivillige som vil vere Aktivitetsven. Er du interessert i å vita meir om dette då kan du melda deg på. Påmeldingsfrist 14. mai. 

 

Påmelding til ein av kontaktpersonane: Torill Seljeskog 95485702, Janfrid Frantzen 40439091, Åsmund Sigmundstad 40439155

Kursdatoar: 

•    19. mai kl 16.00-17.30. 

•    26. mai kl 16.00-17.30. 

•    2. juni kl 16.00-17.30. 

Hjelmeland kommune og kyrkja i Hjelmeland har samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen når det gjeld tilbodet om Aktivitetsven.

Kurset er for dei som har lyst å bli aktivitetsvener eller vil ha meir informasjon kva det inneber å vere aktivitetsven. Tilbodet om aktivitetsven vil i vår kommune ikkje berre gjelde dei med demens, men og andre som kan ha glede av dette. Kurset vert arrangert etter gjeldane smittevernreglar.

Helsing arbeidsgruppa i Hjelmeland: Torill Seljeskog- diakonimedarbeidar i kyrkja, Janfrid Frantzen- Hjelmeland kommune og Åsmund Sigmundstad- Frivilligsentralen.

https://hjelmeland.frivilligsentral.no/aktivitet?aktivitetsven&Id=1709

Stad

Spinneriet
 

Kontakt

Hjelmeland kommune
 

Åsmund Sigmundstad
Legg til hendinga i din kalender