Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Kommunalsjef oppvekst, Sigrund Kleppa, er rådmann i dette møtet, og orienterte i starten.
Saka vert tatt til orientering.
Fungerande rådmann, Sigrund Kleppa, orienterte om Ryfylkequiz 2021, der laget frå Hjelmeland vann. Også fortalt om koronasituasjonen, og at skular og barnehagar no går over til grønt nivå. Det betyr at me kan arrangere ting som har vore utsett, men framleis viktig å hugse på at dersom du får luftvegssymptomer må du halde deg heime. I desse dagar pågår det også sertifisering av svømmelærarar, slik at skulane kan gå til stranda og bade. Elles skryt av Årdal skule, som har eit samarbeid om plantekassar med omsorgssenteret i Årdal. Også orientert om at det er kome ny bibliotekar på biblioteket. Ho heiter Anita Bergøy og er veldig oppteken av at born og unge skal ha lyst til å lese bøker. Til slutt helsa Sigrund frå kommuneoverlege Bjarte Sørensen, som ville sei takk for innsatsen til alle elevar gjennom pandemien. Hjelmeland har ikkje hatt aktiv smitte i verken barnehagar eller skular, og det viser at alle er flinke til å følge smittverntiltak og til å halde seg heime når dei føler seg sjuke.
Annbjørg Breiland Egeland orienterte om arbeidet med ny ungdomsskule, og viste fram ei skisse over korleis den kan sjå ut. Byggestart vert 2022, dersom alt går etter planen. Elles gjekk ho gjennom ein del av innspela som var kome inn før møtet. Innspel til budsjett, må tas opp under sak 006/21. Orientert om at det er midlar til nye leikeapparat på Fister i år. Når det gjeld ballbingen i Årdal, har bygdarådet fått penger til å fikse den. Me reknar med det skjer snarleg. Innspel om badeflåte på Sande vert sendt vidare til Ryfylke friluftsråd. Innspel om fritidsaktivitetar vert teke med i vidare i arbeidet med å skape møteplassar for barn og unge. Langope bibliotek kan vera del av dette. Til slutt orientert om at kommunen, Ryfylke friluftsråd og Turistforeininga har inngått avtale om Frilager i Hjelmelandsvågen. Her kan skular låne utstyr gratis, og privatpersonar kan bestille mykje utstyr på frilager.no.
Barn og unge sitt kommunestyre i er nøgde med skulefruktordninga, men det er litt varierande kvalitet på frukta. Det er ønskeleg med meir lokal frukt, særleg i sesongen, og i alle fall på dei dagane det ikkje er frukt gjennom skulefruktordninga.
Rådmannen orienterte. Saka vert lagt fram for BUK slik at ho kan få tilbakemelding på korleis ordninga fungerer.
Kaja meinte det er varierande kvalitet på frukta. Samstundes er det ofte litt lite variasjon i kva frukt dei får. Meir lokal frukt i sesongen hadde vore ein fordel.
Isak er glad for ordninga, men meinar at når noko av frukta er pakka i plast kan den bli fortare dårleg.
Lotte synast eplene ofte er av dårleg kvalitet, men elles mykje god frukt. Ho er også glad for ordninga.
Synne meinte det burde vera mogleg med lokal frukt dei dagane i sesongen det ikkje er frukt gjennom skulefruktordninga. Det gir betre frukt og meir frukt, samstundes som det støtter opp under dei lokale produsentane.
Rådmannen oppsummerte og ville ta med seg vidare at det var ønske om lokal frukt i sesongen. Poengterte at det då blei mykje av ein sort frukt i ein periode. Ho ville også gi tilbakemelding til leverandøren om varierande kvalitet.
Barn og unge sitt kommunestyre fordelar kr. 65.000 slik:
Bålpanner til Årdal, Jøsenfjorden, ungdomsskulen og Hjelmeland barneskule: kr. 8 000,-
Volleyballnett Årdal og ungdomsskulen: kr. 10 000,-
Bordtennisbord ungdomsskulen: kr. 15 000,-
Vanntrampoline Jøsenfjorden: kr. 10 000,-
Basketballkorg Fister: kr. 10 000,-
Trivselspenger alle skular: kr. 12 000,-
Etter at forslaga var lagt fram vart dei diskutert blant medlemmane. Rådmannen kom med innspel på fleire av forslaga, mellom anna med prisar. Nokre av innspela har ein pris som er mykje høgare enn dei midlane barn og unge sitt kommunestyre har til fordeling. Nokre av forslaga vart også endra. Mellom anna kom det innspel frå Fister om at dei ikkje treng bålpanne. Forslaget om nye basketballkorger på ungdomsskulen vart trukke, då dei heller ville ha nye i samband med bygging av ny skule. Det kom også fram at det er ungdomsskulen og Årdal som treng nye volleyballnett. Etter diskusjonen la rådmannen fram eit forslag til fordeling:
Bålpanner til Årdal, Jøsenfjorden, ungdomsskulen og Hjelmeland barneskule: kr. 8 000,-
Volleyballnett Årdal og ungdomsskulen: kr. 10 000,-
Bordtennisbord ungdomsskulen: kr. 15 000,-
Vanntrampoline Jøsenfjorden: kr. 10 000,-
Basketballkorg Fister: kr. 10 000,-
Trivselspenger alle skular: kr. 12 000,-
Forslaget vart røysta over, og vart vedteke med 15 røyster. 4 røysta mot.
Barn og unge sitt kommunestyre drøfta saka og gav nokre innspel til forbetringar.
Fister: Eva Lise fortalte at elevane på Fister ikkje vil at ny parkeringsplass skal leggast på grusbanen eller grasbanen, då begge desse er i bruk i dag. Vil heller at ny parkering vert ordna der det er regulert.
Årdal: Milda fortalte at det ikkje er merka område for henting og levering ved skulen. Det er også veldig smal veg mellom skulen og omsorgssenteret, og fleire barn krysser vegen her. Burde vore eit felt for kryssing.
Hjelmeland: Kaja meinte det er eit bra parkeringsopplegg rundt Hjelmelandshallen, men det burde vore merka piler i vegbanen som viste køyreretning. Ved henting og levering i barnehagen kan det oppstå farlege situasjonar når det er mange elevar ute.
Barn og unge sitt kommunestyre har følgandeinnspel til budsjettarbeidet for 2022:
Etter at alle forslaga var blitt lagt fram foreslo rådmannen at utvalet skulle slippe å prioritere innspela, og at ein
betre framgangsmåte var at han tok med seg alle forslaga inn i budsjettarbeidet. Alle forslaga kom uansett til å
bli lagt fram for politikarane saman med budsjettsaka.
Barn og unge sitt kommunestyre var samrøystes einige i forslag til framgangsmåte.
Politikar | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|
Peder Krokedal | Leiar | pederkrokedal@gmail.com |
Tuva Moen Hausken | Nestleiar | |
Ida Sie | Medlem | |
Karoline Rossemyr | Medlem | |
Isak Støle Valheim | Medlem | |
Anna Seselia Kleppa | Medlem | |
Synne M. Hausken | Medlem | |
Lisa Aslaksen | Medlem | |
Jone Krokedal | Medlem | |
Brede Skjølingstad | Medlem | |
Norah Gjil | Medlem | |
Eva Lise Stangelo | Medlem | stangeloeva@gmail.com |
Jonah Hauge | Medlem | |
Marte Hovda | Medlem | martehovda09@icloud.com |
Lotte Arnesen | Medlem | |
Natalia Grzenkowich | Medlem | |
Sondre Vadla | Varamedlem | |
Milda Jurkute | Varamedlem | |
Kaja Kvalvåg Hetlelid | Varamedlem | |
Kaylib Stenberg (Ikke møtt) | Medlem | |
Leah Vanessa Krause (Ikke møtt) | Medlem | |
Niklas Johannesen Vestersjø (Ikke møtt) | Medlem | niklasvest@gmail.com |