Eldre ut på middag

laurdag 12. juni 2021, 13.00 - 16.00

Informasjon

Du som er busett i Hjelmeland/på Ombo og er over 65 år vert no invitert ut på ein god middag hos Smaken av Ryfylke andre veka i juni. 

Inviter med deg naboen eller andre du kjenner.
Det er avgrensa til 37 plassar per dag. 

Datoar for middagane

  • måndag 7. juni kl. 17-20
  • tysdag 8. juni kl. 17-20
  • onsdag 9. juni kl. 17-20
  • torsdag 10. jui kl. 17-20
  • fredag 11. juni kl. 17-20
  • laurdag 12. juni kl. 13-16
  • søndag 13. juni kl. 13-16

Du kan velge mellom fisk eller kjøt, dette må du oppgje ved påmelding. 

Eigenandel

Eigenandelen er kr 125 per person, det er inkludert skyss ved Årdal Taxi og middag ved Smaken av Ryfylke. Eigenandelen betalar du på restauranten. 

Påmelding

Påmelding til ein av dagane innan 31. mai ved å ringe til kundesenteret på tlf. 51 75 70 00 eller ved å fylle ut elektronisk påmeldingsskjema.

Arrangørar

Hjelmeland kommune arrangerer dette med støtte frå Statsforvaltaren i Rogaland, og i samarbeid med Smaken av Ryfylke, Årdal Taxi, Hjelmeland bygdekvinnelag, Jøsneset helselag, Ombo helselag, Eldrerådet og frivillige frå ulike andre lag. 

Stad

Smaken av Ryfylke
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender