Sommarutstilling & kafé

søndag 13. juni 2021, 11.00 - 17.00

Informasjon

Me gler oss til den 9. store kollektive sommarutstillinga med kafe på Hagalid!  Dette er samstundes den 8. sommaren i Sofiehuset. Både Sofiehuset og Eldhuset er fyllt opp med kunst og kunsthandverk frå profesjonelle norske utøvarar. Nokre er nye og nokre er velkjente kunstnarar, men alle med mange nye arbeide.

Servering

Me satsar på kaffemat alle opne dagar og kraftig suppe i helgene.
NB: Det er lurt å tinga bord og mat også i opningstida, minst 1 døgn på førehand via SMS til 982 19 973 eller epost hanne@hagalid.net. Dette gjeld særleg laurdagar og sundagar midt på dagen, så unngår du å bli skuffa eller måtte venta. Bestilling må vera stadfesta og med informasjon om kohortar for å gjelda. På grunn av avstandskrava er det færre bord inne enn normalt.

Me vonar våre gjester vil vera tålmodige med oss, og godta at servering vil ta lengre tid.

Les meir om utsillinga

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender