Solokonsert på St. Hans

onsdag 23. juni 2021, 18.30 - 20.30

Informasjon

Me er så heldige å få viserockaren Rossman frå Karmøy til solokonsert på Hagalid. Hans prosjekt går over fleire år og heitter "Hjelp Rossman spille i alle Norges kommuner!". 

Om Rossman

Rossman pakkar gitaren, munnspel og humøret for å gjera norgeshistoriens mest omfattande turné.
Lika du speleglede og gode norske tekstar som byr på finurlege tema, alvor, engasjerande narrativ og humor - er dette konserten for deg! 
Med låge skuldre, humor og glimt i auge har Rossman vist seg som noko annleis i det vide landskapet av norske artistar og låtskrivarar. Han er ein imponarende ordsmed og lyrikar, med ein poetisk teft som kan matche fleire av landets største artistar. Han flyttar seg leikent mellom rock, americana og viser.

Påmelding

Bestill billett på tlf. 982 19 973 eller e-post hanne@hagalid.net

Alle påmeldte får tilbakemelding om det er plass. Runde 20. juni vurderer me v'ret og om det blir plass til fleire. Følg med på Facebook.

Billett er inkludert kaffe/te eller eit glas eplemost. Enkel handmat og drikke kan kjøpast før og etter konserten. 

Me satsar på å få til eit skikkeleg St. Hans-bål ved Hagalidvatnet etter konserten. 

Ta med

Me vil nok kalle det koronasikker intimkonsert om veret bestemmer at me trekk inn. Blir det finver, blir det enklare, då er me ute! Ta då med varme klede og noko å sitja på. 

Publikum med bestilt plass må koma tidleg, frå kl. 18:30. 

 

Pris vaksen: 200

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender