STOL på Hjelmeland

måndag 28. juni 2021, 10.00 - 15.30

Informasjon

Utstillinga «STOL på Hjelmeland» viser breidden i jærstoldesign. Jærstolar er blitt produserte på Hjelmeland sidan 1898, i mange former og storleikar. Det er likevel aldri tvil om at ein jærstol er ein jærstol. Mange produsentar har over tid vore involverte. I dag er det Møbelfabrikken Aksel L. Hansson AS som fører den viktige produksjonen vidare.

Utstillinga er i Spinneriet 2. et. i tida 21. juni - 15. august. Du får tilgong til utstilinga ved å venda deg til turistinformasjonen i Biblioteket. Ope 10-15.30 måndag-fredag, pluss enkelte lørdagar.

Arrangør Hjelmeland kommune. Kurator Nils Viga Hausken.

Stad

Spinneriet
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender