Thomas Seltzer

onsdag 17. november 2021, 19.00 - 20.30

Informasjon

NRK-profil og rockebassist Thomas Seltzer drog i 2020 tilbake til sitt første heimland for å finne ut kva som har skjedd med det.

Det var ei reise som starta i hans gamle heimby, i det såkalla Rustbeltet, og som enda ved familiefarmen på prærien i Kansas, der han har røtter heilt tilbake til 1870-talet.

Resultatet blei "UXA - Thomas Seltzers Amerika", som er ein av norsk fjernsyns mest sette dokumentarseriar dei siste åra, med over ein million sjåarar.

Thomas Seltzer  I dette foredraget fortel han om kva han fant, og med eit brennande engasjement me ikkje er vane til frå den gamle ironikaren forklarar han oss kvar det blei av hans favorittdraum, nemleg Den amerikanske draumen, og kvar vegen går vidare for hans kjære USA.

Arrangementet er ein del av Ryfylke kulturhaust.

Pris vaksen: 315

Stad

Hjelmeland Samfunnshus
 

Kontakt

Hjelmeland kommune - kulturkontoret
 

Åsmund Sigmundstad
Legg til hendinga i din kalender