Mia Gundersen og Espen Hana

søndag 31. oktober 2021, 19.30 - 21.00

Informasjon

Mia Gundersen og Espen Hana  Det blir ein musikalsk festkveld når to travarar innafor underholdningsbransjen møtes på scena igjen!

Mia og Espen har kjent kvarandre i mange år.  Dei er begge frå Stavanger og har jobba saman på Rogaland teater i fleire år..  Der har dei spelt både ektepar og Evita og Che saman, samt laga Evert Taube Cabaret på stavangersk.
Etter mange i på kvar sin kant av landet, har dei endeleg funne saman igjen på scena.
I framsyninga får du møte Mia og Espen rundt eit flygel, kor dei kaster små og store skråblikk på livet både før og nå.  Det blir latter og tårer i tett parløp. Men mest av alt blir det både musikalsk og ikkje minst LØYE, så de seie i Stavanger.
Mia treng knappast nokon presentasjon, ho er heile Norges Mia, med ein CV dei fleste berre kan drøyme om. Alt frå musikaler til Grand Prix til Norske talenter.  Espen er fast tilsett skodespelar på Rogaland Teater og han er også ein glimrande pianist og songar. Han har tidligera gjort show med Jan Eggum, Pia Tjelta Karoline Kruger og Britt Synnøve Johansen og sjølvsagt Mia, og nå endeleg møtes dei igjen.

Pris vaksen: 390

Stad

Hjelmeland Samfunnshus
 

Kontakt

Hjelmeland kommune - kulturkontoret
 

Åsmund Sigmundstad
Legg til hendinga i din kalender