Sommarkurs i akvarell i Hjelmeland

fredag 13. august 2021, 09.00 - 17.00

Informasjon

Landskapet i Hjelmeland spenner vidt med grøne ekrer, frukthagar, bratte skråningar, fjell, skog, elv og blå fjord. Ein gåvebutikk med linjer og sterke fargar, som kallar på å bli opplevd og tolka i akvarell. Kurset tek utgangspunkt i det kunstneriske uttrykk. Deltakarane vil få kjennskap til akvarellens grunnleggjande metodar, og med rik mogelegheit for å arbeide med akvarell med ein individuell vinkel.

Klikk for stort bilete Nils Viga Hausken  Kurset vil ta utgangspunkt i den enkelte si oppleving av landskapet - i store strøk eller enkelte strekar. Det vil vera plass til det heile i møtet med landskapet: dei voldsame fargeksplosjonar til det tyste i avstemde fargar.

Der vil vera både innandørs undervisning og utendørs i landskapet - på eigen hand og i gruppe. Undervisninga vil bestå av samtalar, oppgåver, veiledning og gjennomgang.

Det vil vera eit kurs kor alle kan vera med, både nybegynnarar og rutinerte i aldersgruppene frå ungdom til eldre.

Påmelding

Kurset vil foregå på Spinneriet på dagtid kl 9.00-17.00 frå torsdag 12. august til og med søndag 15. august. 

Pris pr deltakar kr. 3.750,-

For nærmare informasjon og påmelding innan 5. august kontakt billedkunstnar Nils Viga Hausken på mail@nilsvigahausken.com eller +45 4241 1944.

Arrangør: Hjelmeland kommune kulturkontoret i samarbeid med Nils Viga Hausken

  

 

Stad

Spinneriet
 

Kontakt

Hjelmeland kommune - kulturkontoret
 

Åsmund Sigmundstad
Legg til hendinga i din kalender