Olsok-konsert med gudsteneste

torsdag 29. juli 2021, 19.00 - 20.00

Informasjon

Klikk for stort bilete Konsert kl. 19-19.30

  • Astrid Bjelland - fløyte
  • Gunhild Rebnord - obo 
  • Johannes Herjô - fagott

Frivillig / anbefalt inngangspengar
kr 200,-

Olsok gudsteneste kl. 19.30

  • Sigrid Sigmundstad - prest
  • Musikarane deltek
  • Anne-Berit Rinde Bjelland m/fleire - forsongarar 

Oslok i Årdal gamle kyrkje

Endå ein gong kan vi tilby olsok-konsert og -gudsteneste i Årdal gamle kyrkje.
Denne gongen blir musikken framført av  trioen Astrid Bjelland, tverrfløyte, Gunhild Rebnord, obo og Johannes Herjö, fagott.

Denne treblåsar-kombinasjonen er nok ikkje heilt daglegdags hjå oss, men gir eit svært så velklingande uttrykk. Og med Årdal gamle kyrkje som ramme for tonane, kan det fort gå godt!

Litt om musikarane

To av dei tre musikarane er studentar ved musikk-konservatoriet i København.
Astrid Bjelland er det lokale namnet, kjend frå mange opptredenar i heimekommunen Hjelmeland. Ho har og vunne fleire prisar for fløytespelet sitt, både i inn- og utland, og har nyleg hatt eit årsvikariat i Danske Radio Symfoniorkester. No held ho på med masterstudiet.

Gunhild Rebnord kjem frå Sotra utanfor Bergen. Ho har bachelor i utøvande musikk frå konservatoriet i Haag,  og, som Astrid, er også ho masterstudent i København. Gunhild vikarierer ofte i ulike orkester rundt om i Skandinavia og er også ein aktiv kammermusikar.

Johannes Herjö frå Sverige, har tidlegare studert både i København og i Mannheim, og er no
alternerande solofagottist i Ålborg Symfoniorkester.  Samtidig er han på prøvetid som solofagottist i Copenhagen Philharmoniske Orkester. Han er og aktiv i dei to blåsekvintettane  «Nordvind» og «Carl Nielsen-kvintetten», og assisterar stadig andre orkester som treng ein fagottist.

Konsert og gudsteneste

Konserten tek til kl 19.00 , og på  konsert-programmet står mellom anna vakre triosonater av Haydn og Corelli. Og det blir både solospel og samspel å høyre frå desse tre framragande, unge musikarane. 
Dei vil og medverke under gudstenesta som følgjer like etter, ca kl 19.30.
Sigrid Sigmundstad er prest ved gudstenesta.

Arrangementa blir haldne etter gjeldande smittevernsreglar. Vi  fører frammøteliste ved inngangen. Ta gjerne med ein lapp med namn og tlf.nr, - det vil lette registreringsarbeidet.  Det vil vere plass til maks 90 personar i kyrkja, så ver gjerne ute i god tid.

Det blir frivilleg å betale inngangspengar til konserten/gudstenesta. Vi anbefalar kr 200,- pr person for å få dekka utgiftene, men dette er som sagt frivilleg.
Arrangør for konserten er Hjelmeland kyrkjemusikalske utval-

Stad

Årdal gamle kyrkje
 

Kontakt

Hjelmeland kyrkjemusikalske utval
 

Legg til hendinga i din kalender