Gitarkonsert

fredag 6. august 2021, 19.00 - 20.00

Informasjon

Utgangspunktet for denne konserten er at den prisvinnande gitaristen Kristina Vårlid inviterer tre gitartalent med på hyttetur. I tillegg til klassisk gitarspel - som inneber både individuell undervising, samspel og mykje øving -  blir det fjellturar, matlaging, kortspel og bading. Dette er det tredje sommarkurset som blir arrangert i Ryfylke. Kristina meiner den vakre naturen gjev ei ekstra ro til musikken og at hytteturen er den optimale ramma rundt ei vidare utvikling for studentane.  Veka vert altså avslutta med  konsert i Fister kyrkje, der lærar og studentar presenterer det dei har arbeidd med. 

Gitarist Kristina Vårlid - Klikk for stort bilete  

Balsam for sjela

I vår gjennom-digitaliserte tid, kan det vere balsam for sjela å få benke seg i kyrkjerommet og la dei fine gitartonane få klinge i eiga kraft. Fister kyrkje er veleigna til slike intim-konsertar, - ho er verken for stor eller for lita! Vi håpar sjølvsagt at mange vil nytte seg av dette fine tilbodet, - både fastbuande og hyttefolk er hjarteleg velkomne!

Pris

Dette er eit gratis-tilbod frå musikarane si side. Derfor kan vi ta så låge inngangspengar som  kr 50,- pr. person. Born under 16 år går uansett gratis.
Inngangspengar i døra. Kontant eller VIPPS til Fister kyrkje 119 843.

Stad

Fister kyrkje
 

Kontakt

Hjelmeland kyrkjemusikalske utval
 

Legg til hendinga i din kalender