Håvard Ersland Trio

onsdag 13. oktober 2021, 19.30 - 21.00

Informasjon

Billett kr 200. Førehandssal av billettar, betal til vipps nr 510121 merk betalinga Håvard Ersland Trio. Det vert også sal av billettar i døra. 

Håvard Ersland Trio er ein ung pianotrio beståande av tre lyttande og kreative musikarar. Bandleiar og pianist Håvard Ersland kjem frå Imsland i Vindafjord og starta sin utdanning på konservatoriet i Stavanger. Som trio vann dei i 2018 "Jazz i sikte" - der juryen trakk fram det unike uttrykket, det tette samspelet og dei spanande komposisjonane - og 2020 vann Ersland Sjølv "Equinors Sildajazzpris". Han kvitterte for prisen med ein trio - konsert i bystyresalen i Haugesund under årets sildajazz som resulterte i ståande ovasjonar frå publikum.

Her er eit utdrag frå Johan Hauknes sin anmeldelse i saltpeanuts.eu:

«Vi blir servert et vakkert knippe stemningsrapporter fra Erslands hånd. Hans pianospill er vakkert, håndgripelig og svært hørverdig. (…) Det er lekende og fengende låter Ersland skriver, som framstår som spøkefulle kommentarer til verden rundt komponisten. (...) Det kanskje mest overbevisende er de tres spilleglede og medrivende entusiasme."

Det er høg kvalitet på låtmaterialet trioen serverar, og komposisjonane krydras med lekre detaljar og eit stort musikalsk overskot, samt ein solid porsjon speleglede. Musikarane Håvard har med seg i bandet som i tillegg til å vera ettertrakta frilansmusikarar er kjende frå band som Krokofant, Lassen og Baker Hansen, er trass sin unge alder nærmast telepatisk samspelte, heile tida lyttande og søkande, og skapar med det nye og spanande konsertopplevingar på kvar konsert. 

Besetning;
Håvard Ersland – Piano
Stian Andreas Egeland Andersen – Kontrabass
Axel Skalstad – Trommer

Håvard Ersland Trio 

Pris vaksen: 200

Stad

Spinneriet
 

Kontakt

Hjelmeland kommune - kulturkontoret
 

Åsmund Sigmundstad
Legg til hendinga i din kalender