Haustutstilling & kafe

laurdag 16. oktober 2021, 12.00 - 17.00

Informasjon

Stor dobbel separatutstilling med bildekunstnar Tom Erik Andersen, Drammen og Rita Sørby, Kragerø med skulpturelle arbeide i porselen. Fire helger med kultur og servering - laurdag og sundag kl. 12-17!

Stort utval av kunsthandverk og grafikk frå faste utstillarar. 

Kunstnarane

Kvar kunstnar har kvar sine utstillingsrom i Sofiehuset. Andersen som er ein av Norge mest populære bildekunstnarar viser maleri og litografiar.
Sørby viser store og små porselensarbeide støypte i form med mange forskjellige glasurar. Dei største er kroppsstore torsoar på vegg.

Kunsthandverk og grafikk frå faste utstillarar: tekstil (lin og ull): Stort utval av inløparar frå Berit Lyslo, Kari Selnes og Unni Strand, merinoull frå Ingvild Ull. Blåst glas, keramikk og porselen frå m.a.Øyvind Tingleff, Sarah L. Reed, Beate Lund Kristiansen, Brink & I'nt Veld. Grafikk og plakatar frå m.a. Kristian Finborud, Geir Nymark, Charlotte Helgeland, Hilde Thomsen. Seintbrennande kunstlys frå Ranso, smykke, mm.

Kafé

Kraftig suppe m/himabakt brød og flatbrød. 9.-10.10: Viltsuppe kokt på øl. 16.-17.10: Krydra kyllingsuppe med kokosmjølk. Et så mykje du vil!
Kaffi, himabakte fruktkaker, eplemost, m.m. 

Avgrensa tal bord inne, bestill difor gjerne bord i god tid på sms/tlf eller epost til Hanne og få stadfesting. 

 Meny for fire helger på Facebook.

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender