Redd eit hus! Kurs i søknadsskriving

torsdag 21. oktober 2021, 09.30 - 17.00

Informasjon

På dette kurset lærer du korleis du skal gå fram for å søkje støtte til istandsetjing av verneverdige hus, og kvar du kan søkja støtte. Målgruppe for kurset er eigarar av verneverdige hus, sakshandsamarar og handverkarar. Kurset er lagt opp slik at tilreisande sørfrå kan bruka hurtigbåt til og frå Sand.

Påmelding:
Meld deg på ved å fylla ut skjema her, eller kontakt Grete Holmboe: e-post: ryfylke@fortidsminneforeningen.no
tlf: 480 01 359 Påmelding innan 15. oktober.

Kurset kostar kr 200. Dette inkluderer enkel servering. Betaling ved frammøte, eller få tilsendt faktura.

Program

09:30 Velkomen v/Grete Holmboe, leiar i Fortidsminneforeningen i Ryfylke. Presentasjonsrunde. Problemstillingar frå den enkelte, behov for hjelp.

10:00 Korleis og kvar kan du finna historisk informasjon om huset ditt? v/Kirsten Hellerdal Fosstveit, Fortidsminneforeningen Ryfylke

10:30 Kva mulege tilskottsordningar finst? Grete Holmboe

11:00 SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i landbruket) v/Nono Dimby, sakshandsamar Statsforvaltaren i Rogaland. Korleis søkjer ein og kva er viktig å få med i ein søknad?

12:00 Lunsj

13:00 Ein huseigars erfaringar v/Kristin Bern. Gardshus på Foss i Suldal

13:30 Kulturminnefondet og deira rolle v/ Per Hilleren frå Kulturminnefondet. Korleis søkjer ein og kva er viktig å få med i ein søknad?

14:00 Kva kan Ryfylkemuseet bidra med? v/avdelingsleiar/bygningsantikvar Simen Bie Malde.

14:30 Kva kan FMF bidra med? v/leiar i Fortidsminneforeningen Ryfylke lokallag Grete Holmboe

15:00 Erfaringar frå utøvande handverkar v/handverkar Åsmund Kalstveit

15:30 Spørsmål og individuell hjelp.

17:00 Slutt

Pris vaksen: 200

https://ryfylkemuseet.no/events/redd-eit-hus-kurs-i-soknadsskriving/

Stad

Nesasjøhuset, Sand
 

Kontakt

Fortidsminneforeningen Ryfylke lokallag
 

Grete Holmboe tlf 48001359
Legg til hendinga i din kalender