Utval: | Ungdomsrådet |
---|---|
Dato: | 20.10.2021 18.30 - 20.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Vedtak er påført møtet |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Hjelmeland Ungdomsråd vel som leiar Emil Riskedal og nestleiar Milica Divjak. Leiar og nestleiar er velde for eit år. |
Eva Lise Stangelo, Tuva Moen Hausken, Sofie Stakkeland, Emil Riskedal, Guro Marie Kleppa og Milica Divjak stilte til val som leiar. Emil Riskedal og Milica Divjak fekk like mange stemmar, og det vart gjennomført val mellom dei to for å avgjere kven som vart leiar og nestleiar. Emil Riskedal fekk 4 stemmar og Milica Divjak fekk 3 stemmar.
Sekretær sender ut oversikt over møtedatoar for 2021 - 2022 til ungdomsrådet, og legg møta slik at dei kjem i god tid før kommunestyret sine møter. |
Ungdomsrådet vart samde om at tysdag og onsdag er gode møtedagar. Sekretær sender ut ei oversikt over møtedatoar for 2021 - 2022 etter kveldens møte, med datoar som er i god tid før kommunestyremøta, slik at dei kan få ungdomsrådet si meining med i aktuelle saker.
Hjelmeland ungdomsråd tek saka til orientering.
Sekretær orienterte om Ungdommens fylkesråd og Ungdomskonferansen 2021.
Hjelmeland ungdomsråd tek saka til orientering.
Sekretær orienterte kort om status på bygging av ny ungdomsskule, og prosessen framover. Byggestart kan tidlegast skje sommaren 2022. Ungdomsrådet vil bli høyringsinnstans undervegs i prosessen, og ein av medlemmane vil sannsynlegvis bli involvert i ei ressursgruppe.
Rådmannen inviterte ein av ungdomsrådet sine medlemmar med på å besøke tre skular i Rogaland, for å få inspirasjon til bygging av ny skule. Denne turen er saman med formannskapet og enkelte frå administrasjonen. Sekretær kontaktar medlemmane om nokre dagar, for å høyre om nokon har lyst.
Hjelmeland ungdomsråd tek saka til orientering.
Sekretær orienterte kort om at Hjelmeland kommune er regodkjent som Trafikksikker kommune, samt viste ungdomsrådet den nye planen for trafikktrygging.
Hjelmeland ungdomsråd har desse innspela til budsjettet for 2022:
1. prioritet: Fritidslokale ved idrettsområdet
2. prioritet: Søppeldunkar i Hjelmeland sentrum
Andre ting:
- Gang- og sykkelveg frå Gea til Årdal skule
- Gratis frukost og lunsj på skulane
- Skilleveggar mellom dusjane i Hjelmelandshallen
Medlemmane i ungdomsrådet drøfta desse innspela:
- Ein plass å vera på fritida, aller helst på klubbhuset. Biblioteket er ikkje like aktuelt, då det ikkje er så mykje som skjer der. Mange er ved idrettsbanen fordi dei har kamp eller trening, eller ser på andre som har det.
- Fleire søppeldunkar i sentrum, til dømes mellom Spar og skuleområdet. Dette er viktig på grunn av miljøet, spesielt no når kommunen skal vera Miljøfyrtårn. I tillegg er det dårleg for omdømmet til Hjelmeland når det er søppel langs vegane. Dersom det er dyrt å få nokon til å tøme dunkane meiner ungdomsrådet det bør sjåast på ulike løysingar, til dømes om dei som tømer private søppeldunkar kan gjera det - eller om det kan ordnast med dugnad.
- Gang- og sykkelveg mellom GEA og Årdal skule bør gjennomførast, då dette strekket vert nytta både til skuleveg, turveg og aktivitetar som til dømes "Haustsprett".
- Havregraut til frukost og varm lunsj på skulane. Ekstra bra at elevane få tilbod om frukost, då mange let vera å eta det.
- Skilleveggar i dusjane i Hjelmelandshallen.
Ungdomsrådet ynskjer at dei to første punkta vert prioriterte høgast, derertter dei andre.
Hjelmeland ungdomsråd vil vera med skulehelsetenesta og SLT- og folkehelsekoordinator å setja fokus på kor viktig språk og oppførsel er, og meiner målgruppa hovudsakleg bør vera foreldre og føresette til barneskule-elevar.
Ungdomsrådet drøfta saka og var samde om at foreldra må involverast for å førebygga dårleg språk blant barn og unge, og dei må involverast tidleg. Medlemmane meiner det kan gjerast noko blant dei eldre ungdommane, men då bør fokuset vera på at den enkelte må ta ansvar. Kampanjar og for mykje fokus frå dei vaksne kan fort verka mot sin hensikt.
Ungdomsrådet ynskjer å vera med å senda ut til dømes ei Transponder-melding til alle barneskuleforesette, saman med skulehelsetenesta og SLT- og folkehelsekoordinator, kor ein ber dei vera merksame på språkbruk og oppførsel allereie frå 1. klasse.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Emil Riskedal | Leiar | ||
Milica Divjak | Nestleiar | ||
Tuva Moen Hausken | Medlem | ||
Sofie Stakkeland | Medlem | ||
Guro Marie Kleppa | Medlem | ||
Jan Einar Berge | Medlem | janeinar2004berge@gmail.com | |
Eva Lise Stangelo | Medlem | stangeloeva@gmail.com | |
Endre Frønsdal | Varamedlem |