Utval: | Kommunestyret |
---|---|
Dato: | 15.12.2022 14.00 - 18.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre. Sak 70/22 blei tatt av sakskartet og ikkje behandla i møtet.
Sak 70/22 blei behandla i formannskapet og høyringssvar er sendt inn - så den tas av sakskartet og blir ikkje behandla i dette møtet.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Orientering frå ordførar:
Skår, H:
Munthe, H:
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering
Rådmannen orienterer og svarer på spørsmål frå dei folkevalde:
Skuleskyss:
Det er taxi som kjører skuleelevane frå Hetlandsbygd og omegn kvar morgen, denne taxi er slik eg har forstått ein sjuseter. Dette er nok plass i taxien ei veke men neste veke er den full og eleven på siste stoppe plassen får ikkje plass, taxi må kjøre ned til Fister og oppatt og henta eleven att (ein ekstra tur på minimum 20 minutt). Dette er frustrerande for både elev og foreldre. Lurer på om denne taxi ordninga skal fortsette? Dette problemet er annen kvar veke då andre elevar bur vekselvis hjå mor eller far, denne taxi ordninga blir då litt uforutsigbar. Om ettermiddagen går det buss, så då er det ikkje problem.
Svar:
Det stemmer at skuleskyss frå Hetlandsbygda og omegn blir utført med taxi kvar morgon. Det er då snakk om to bilar frå Årdal Taxi, og kapasiteten i desse er slik at det, ein sjeldan gong, er færre plassar enn talet på elevar som har krav på gratis skuleskyss. Det er då blitt sagt at den eine taxien kan koma tilbake og henta eleven som evt. må stå igjen slik at denne framleis rekk skulestart. Slik sett leverer Kolumbus (som har hovudansvaret for skuleskyssen i Rogaland) ei teneste som er innafor gjeldande krav og reglar.
Det er viktig å understreka at det, så langt dette skuleåret, ikkje har skjedd at eleven har mått stå igjen pga fulle taxiar. Så langt i år handlar det altså om frykten for at dette skal skje, snarare enn at det faktisk har skjedd.
Vi har vore i dialog med Boreal, som igjen har dialogen med Årdal taxi, om denne saka. Det er vurdert å anskaffe minibuss til å ta seg av denne morgonruta, og kommunen har gitt sine estimat på korleis trafikkgrunnlaget vil vere dei neste tre skuleåra. Det er lite truleg at ein minibuss vil vere på plass før tidlegast skuleåret 2023-24.
Rektor har vore i dialog med både føresette og Årdal Taxi, og har funne ei god ordning for våren 2023, som den føresette som først tok kontakt med skulen/kommunen ser på som tilfredsstillande. Dette svaret er «kvalitetssikra» hjå både rektor Silje og Øyvind Nag i Boreal.
Fiber (Hauge, AP):
Veit me om Telenor vil stenge alle kobberlinjene 1.januar i Hjelmeland kommune?
Høyrde ett radioprogram der dei snakka med utbyggingssjef i Telenor, der han hylla Telenor at nå var dei klare for å stengja kobbernettet 1.januar.
Fleire abonnentar i Hjelmeland kan kanskje få seg ei overrasking om dette er tilfellet...Verst er det for dei utan mobildekning....Har me ei oversikt om dette gjeld fleire bygder enn Fundingsland?
Svar:
Ja, de stenger kobberlinjene som planlagt. På Funningsland er dei ferdige med fiberutbygginga slik at de kan få telefoni via fibernettet der. Når det gjelder andre område er de fleste koblet fra tidligere. Det er Hjelmeland som er det siste området, som blir tatt nå 1. januar 2023.
Vi veit at det er område i kommunen som har dårlig dekning, men når bredbånd dekningen bygges ut vil dette hjelpe på. Dette jobber kommunen for å få fortgang på.
Telia bygger ut 5 G i Hjelmeland kommune nå i disse dager, skal være ferdig rundt årsskifte.
Telenor har planer om å bygge ut til 5G i løpet av 2023 i Hjelmeland. Med 5 G vil en få mye raskere nett og bedre 4 G dekning. Lyse er i ferd med å bygge ut fiber i Burmavegen heilt opp.
Idrettshallen (Munthe, H):
Flere politikere er nylig blitt kontaktet av ledere i idrettslaget i fortviles fordi ting som må utbedre straks eller saker som bør utbedres, ikke blir tatt tak i. Det skal ha vært tatt kontakt med teknisk avd. gjentatte ganger på både e-post og tlf. uten videre løsninger.
Men, ein MÅ be brukarane av hallen å føra betre tilsyn når hallen er i bruk.
Har hatt møte med skulen i går ang. Hallen, og lærarane slit også og er frustrerte angåande hærverk.
Er dette noe rådmann kan sjekke ut?
Uansett så vil me gjere noko med dette,
Mulig en teknisk og bygningsmessig kontroll vil avdekke om varslet saker stemmer og eventuell behov for avbøtende tiltak.
Er det mulig fare for barn og unge, men også andre brukere av hallen, mener vi at kommunen må ta tak i disse først.
Ang. bytte til LED-lys, her kan vel kanskje noe tas av miljøbudsjett?
Men, ein MÅ be brukarane av hallen å føra betre tilsyn når hallen er i bruk.
Har hatt møte med skulen nylig ang. Hallen. Lærarane slit også og er frustrerte angåande hærverk.
Uansett så vil me gjere noko med dette, særleg det som kan føra til ulukker, slik som festing av måla.
Svar:
Fung. leiar Bygg og anlegg har vore på synfaring. Takplater og håndballmål er resultat av hærverk, men det er ikkje brannfarleg. Lyset bør kanskje totalvurderast. Det vert føretatt ei ressursgjennomgang ved driftsavdelinga på Bygg og anlegg, med sikte på betre ressursutnytting.
Inntekter på kaileige:
2022: tom november 2022 syner inntekta kr 46 400
Psykisk helsehjelp til barn og unge:
Ungdomsrådet er opptatt at psykisk helsehjelp til barn og ungdom, og uttrykker ønske om eit utvida helsesjukepleiartilbod i skulen, og også miljøarbeidarar som kan fylgje opp elevar med t.d. skulevegringsproblematikk. Kor stor ressurs har vi på helsesjukepleiar i skulane, og er det fleire som deler på oppgåvene? Ungdomsrådet tek opp problematikken med at det kan vere vanskeleg å snakke med ein du kjenner godt privat. Kva miljøarbeidartilbod har vi på skulane, og kva oppfølging har vi overfor dei som slit med skulevegring?
Svar:
Vi har miljøarbeidarar i skulen knytta opp mot enkeltelevar. Skulevegring utløyser eit samarbeid mellom heim, skule og helse. Me har 2,5 stilling i helsestasjon, skulehelseteneste og barnehagane. Me har og ein fysioterapeut. Helsesjukepleiarane arbeider med å få meir tid på ungdomsskulen.
Unge mellom 18 og 30 år som fell utanfor:
Færre enn 5 personar som sit heime utan oppfølgjing frå kommunen
Temaplan råstoffutvinning:
Gjennom planstrategien har kommunestyret bestilt ei temaplan for råstoffutvinning. Me har hatt kontakt med direktoratet for mineralforvaltning. Vi har vært i dialog, men det er ikkje mykje hjelp å få der. No har me fått etablert ein kontakt med Melhus kommune som nettopp har sluttført sin kommunedelplan for grustak, steinbrudd og deponi. Melhus kommune har hatt ein prosjektmedarbeidar i 20% til å arbeide med plana. Dette er noko me må vurderer også, då kapasitet er ei utfordring for tida.
Kunstgrasbanar (Sværen, SV):
Kva for tiltak har kommunen sett i verk for å unngå forureining med plastgranulat?
Svar:
Kommunen har bestilt rister for å hindre forureining. Enkelte av banene er gamle, men me er merksamme på problemet og arbeider med saka.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Kommunestyret som skuleeigar har drøfta tilstandsrapporten for hjelmelandsbarnehagen og hjelmelandsskulen 2021/22, og tek den til orientering.
Ommundsen, SP ba om habilitetsvurdering. Han vart røysta ugild i saka og gjekk frå. I
ngen setjeordførar vart vald, og ingen vara møtte.
Rådmannen vert beden om å sende ut informasjon til kommunestyret om kva for skuleverk som vert nytta.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland Naturlegvis rapport per oktober vert tatt til orientering.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert ikkje behandla i møtet og tatt av saklista.
Saka vert ikkje behandla og tatt av saklista.
Hjelmeland kommune meiner:
For distriktskommunar med mange arbeidsplassar knytt til primærnæringar som til dømes landbruk og havbruk, og det viktig at rammevilkåra for desse næringane er mest mogleg føreseielege og bidreg til trygge arbeidsplassar.
Vi er samde i prinsippet om at bruk av våre felles naturressursar skal skattleggjast på ein måte som kjem fellesskapet til gode, og ser difor at prinsippet om grunnrente er hensiktsmessig. Hjelmeland kommune stiller likevel spørsmål vedkomande enkeltelement i innretninga på skatten, som til dømes føreslått normpris.
Grunnrenteskatten må fungere som ein nøytral kontantstraumsskatt slik den gjer for andre grunnrentenæringar, og på den måte skape tryggleik, føreseielege rammevilkår, rom for innovasjon, og grunnlag for vekst.
Hjelmeland kommune sitt primære standpunkt er at vi støttar innføring av grunnrenteskatt på havbruk, men med fylgjande merknadar:
1. Prissettinga må vere rett
Prissettinga må vera basert på ei innretning der grunnlaget for skatten kjem nærast råd den faktiske prisen på laksen, og at den vert så føreseieleg som mogleg.
2. Frådrag på investeringar
I høyringsforslaget er det berre investeringar i sjø/hav som gir frådrag, men skal ein stimulere til at det skal byggast fleire lukka anlegg på land, og fleire postsmolt-anlegg, bør investeringar i heile kjeden takast med. Dette gjeld også slaktefabrikkar og fabrikkar for vidareforedling. Vi ønsker fleire arbeidsplassar innanlands, og å redusere utslepp knytt til transport. Investeringar bør kunne frådragsførast med ein gong, og ikkje i form av framskrivingar. Negativ grunnrente bør utbetalast frå staten som for andre grunnrentenæringar.
3. Miljøaspektet
Vi må sikre at innretninga bygger opp om ny og miljøvenleg teknologi innan havbruk, og at dette skal løne seg. Nye utviklingslisensar må på plass, ordningane med miljøteknologitillatingar og havbruk til havs må setjast i verk. Skal havbruksnæringa lukkast med dei politiske måla for berekraftig vekst og omstilling, må grunnrenteskatten innrettast på ein slik måte at den ikkje hindrar moglegheitene.
4. Fordelingsordninga
Hjelmeland kommune meiner oppdrettskommunane må verta tilgodesett med ein vesentleg del av kommunedelen av skatten. Fordelingsordninga må vera basert på prinsippet om at oppdrettskommunen sin del skal vera ein direkte kompensasjon for dei naturressursane som vert stilt til disposisjon for oppdrettsnæringa der den er lokalisert. Oppdrettskommunane stiller store delar av fjord- og havarealet sitt til rådvelde, og ein må difor kunna forventa at den kommunale delen av grunnrenteskatten i første rekke skal tilfalla desse kommunane.
Prinsippet om tilbakeføring av delar av verdiane der verdiskapinga skjer, er elles godt samsvarande med ein meir enn hundreårig lovfesta rett gjeldande verdiskapinga i kraftsektoren.
Røysting:
Endringsforslag frå Kleppa, SP: Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune godkjenner forslag til reguleringsplan for R183 Detaljregulering for Ullestad Bru med plankart revidert 15.11.2022 og føresegner slik dei låg føre ved offentleg ettersyn,
med følgjande endringar:
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering
Røysting:
Samrøystes vedteke
Formannskapet vedtek følgande retningslinjer for Seniortaxi:
1. Seniortaxi kan nyttast av eldre over 65 år. Vilkåret er at dei ikkje har høve til å køyre sjølv, og at ingen andre i husstanden kan. Ordninga gjeld ikkje for eldre som har TT-kort.
2. Ordninga gjeld berre innanfor Hjelmeland kommune.
3. Seniortaxi kan ikkje nyttast til reiser der det offentlege dekker transport gjennom andre ordningar.
4. Taxisjåførane skal, så langt det let seg gjera, samordna transporten.
5. Taxien køyrer ikkje til nordsida av Jøsenfjorden seinare enn avgangen klokka 00.40.
6. Eigenbetalinga er kr 100,- pr tur/person uavhengig av distanse.
7. Ordninga blir evaluert innan 30. juni 2023.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommunestyre delegerer mynde som valstyre i samband med val til kommunestyre og fylkesting i 2023 til formannskapet.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Kommunestyret i Hjelmeland tar den framlagde oppfølginga på forvaltningsrevisjon “Plan og forvaltning” til orientering.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Kommunestyret i Hjelmeland tek den framlagte forvaltningsrevisjonsrapporten «Attraktiv arbeidsgjevar og kritisk kompetanse» til orientering.
Administrasjonen bes om å ta stilling til revisors anbefalingar om å:
Tilbakemelding på korleis kommunestyrets vedtak er følgt opp av rådmannen gis kommunestyret via kontrollutvalet ca. 6 mnd. etter at rapporten vert behandla i kommunestyret.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Røysting:
Samrøystes vedteke
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka tas til orientering
Røysting:
Samrøystes vedteke
Rådmannen får følgjande fullmakter til å justera årsbudsjettet for 2022:
Røysting:
Samrøystes vedteke
Møteplanen for 2023 vart vedteken med vedtekne endringar.
Røysting:
Endringsforslag frå Riskedal, SP: Samrøystes vedteke
Endringsforslag frå Munthe, H: Samrøystes vedteke
Endringsforslag frå Soppeland, U: Samrøystes vedteke
Endringsforslag frå Østerhus, SP: Samrøystes vedteke
Heile saka med vedtekne endringar: Samrøystes vedteke
- Auke i godtgjersle f.o.m ny periode okt-23:
o Ordførar uendra
o Varaordførar uendra, men får som før øvrige godtgjersler frå aktuelt utval
o Leiar AFU: 7 % av stl
o Formannskap og AFU: 5 % av stortingsrepresentantsløn (stl)
o Kommunestyre: 2 % av stl
o Kontrollutval: 4 % leiar og 2 % medlem av stl
o Gruppeleiar: 2 %
o Trekk ved fravær: same sum som godtgjersle til vara
o Øvrige godtgjersler held fram som vanleg
Røysting:
Forslaga vert sett opp mot kvarandre
Endringsforslag frå Munthe, H: Falt
Egeland, SP/Framlegg frå formannskapet: Vedteke av SV, MDG, SP og Urdal, AP
Hjelmeland kommune vedtek forslag til Gebyrregulativ for vatn og avlaup slik det føreligg i saksframlegget.
Hjelmeland kommune vedtek Virksomheitsplan for Hjelmeland slik den føreligg i saksframlegget.
Fastledd skal utgjera 30 prosent og forbruk 70 prosent av VA gebyra
Ønskjeleg at IVAR nyttar bygdebamn på vassverka, og ikkje gardsnamn.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Gebyr 2023 vedtas i samsvar med rådmannens forslag med følgjande endring:
SFO: Endres fra 4 til 3 kategoriar som i instilling frå FSK, men utan auke i gebyrsatsane.
Røysting:
Endringsforslag frå Egeland, SP: Samrøystes vedteke
Framlegg frå formannskapet med vedteken endring: Samrøystes vedteke
Vedlagt budsjett framlegg frå rådmannen vert vedtatt med følgjande endringar:
DRIFT
Seniortaxi: 200 000,- Finansierast ved å redusere overskotet, men også søke om midlar frå Fylkeskommunen/Kolumbus.
Psykologteneste: Finansierast innanfor ramma til Helse og omsorg
Endring politikarar: For 2023 finansierast ved endring i møtetid, for resten av perioden vanskeleg å anslå eksakt kostnad, difor reduksjon av overskot.
- Alle møter har møtestart 14:00 f.o.m 01.01.23
- Auke i godtgjersle f.o.m ny periode okt-23:
o Ordførar uendra
o Varaordførar uendra, men får som før øvrige godtgjersler frå aktuelt utval
o Leiar AFU: 7 % av stl
o Formannskap og AFU: 5 % av stortingsrepresentantsløn (stl)
o Kommunestyre: 2 % av stl
o Kontrollutval: 4 % leiar og 2 % medlem av stl
o Gruppeleiar: 2 %
o Trekk ved fravær: same sum som godtgjersle til vara
o Øvrige godtgjersler held fram som vanleg
INVESTERING
Kai Årdal: Vidarefører dei 23 mill frå 2022. Ingen auke i -23 eller -24
Pump track Årdal: 562 500,-
Nye møblar Spinneriet: 300 000,- (leggast inn i 2024)
Investeringar:
Hjelmeland kommune sett av 2 mill. Til investering solceller, kommunen velg sjøl velegna bygg som er godt egna for solkraft produksjon.
Røysting:
Tilleggsforslag frå Egeland, SP: Samrøystes vedteke
Tilleggsforslag frå Munthe, H: Samrøystes vedteke
Framlegg frå formannskapet med vedtekne endringar: Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune svarar ja på IMDi si oppmoding om å busetje 60 flyktningar i 2023. Skulle det kome tilleggsanmodning frå IMDi, vil dette føre til ei ny politisk handsaming i Hjelmeland kommune.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Anita Husøy Riskedal | Senterpartiet | Leiar | anita.husoy.riskedal@hjelmeland.kommune.no |
Harald Ommundsen | Senterpartiet | Nestleiar | harald.ommundsen@hjelmeland.kommune.no |
Gaute Hauge | Arbeiderpartiet | Medlem | gaute.hauge@hjelmeland.kommune.no |
Iren Urdal | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.urdal@hjelmeland.kommune.no |
Njål Skår | Høgre | Medlem | njal.skar@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Medlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Medlem | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Tårn Sigve Schmidt | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |
Lill Synnøve Laugaland | Senterpartiet | Medlem | lill.laugaland@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Kristin Kostøl Helgaland | Senterpartiet | Medlem | kristin.k.helgaland@hjelmeland.kommune.no |
Arthur Fjeldheim Egeland | Senterpartiet | Medlem | arthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no |
Arne Kleppa | Senterpartiet | Medlem | arne.kleppa@hjelmeland.kommune.no |
Endre Gjil | Senterpartiet | Medlem | endr-gj@online.no |
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Medlem | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Bengt Åke Hauge | Høgre | Varamedlem | bengthauge@hotmail.com |
Bjørn Solberg | Høgre | Varamedlem | bjorn.solberg@tine.no |
Johannes Soppeland | johannes.soppeland@hjelmeland.kommune.no | ||
Kolbjørn Pedersen (Ikke møtt) | Høgre | Medlem | kolbjorn.pedersen@hjelmeland.kommune.no |
Per Mæhle (Ikke møtt) | Høgre | Medlem | per.maehle@hjelmeland.kommune.no |