Utval: | Formannskapet |
---|---|
Dato: | 03.02.2022 12.00 - 14.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møtet er ferdig protokollert |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Rådmannen gav først svar på nokre spørsmål frå Munthe/H på status investeringsprosjekt: Når det gjeld Årdalstunet er VA ferdig prosjektert, medan veg er under prosjektering. Lyse er og i gang med prosjektering av veglys. Vert så felles anbod veg og VA i mars. Melevegen er ferdig prosjektert, og det er søkt om trafikktryggingsmidler. Sannsynlegvis anbod mars, men det kjem an på ei grunneigaravtale. I sløydbygget Årdal skule er delar av arbeidet gjort. Noko er vanskeleg å få gjort noko med, som branncelleinndeling. Det er imidlertid håp om at bygget vert godkjent for drift slik det er no. Rogaland Brann og Redning IKS kjem på inspeksjon.
Rådmannen orienterte og om ny kai Årdal, som enno ikkje er ferdig prosjektert. For å redusere kostnadar i prosjektet trengs nye grunnundersøkingar. Dette er bestilt.
Også orientert om klagesak for avlaup på ein eigedom i Nordbygda. Her har det vore uavhengig kontroll, og saka ligg no igjen hos tiltakshavar.
Rådmannen orienterte og om konsesjonskraft. Posisjonen for 2022 som var sikra gjennom forvaltningsavtale er no kjøpt tilbake til ein totalpris på kr. 5,2 millionar. Det er budsjettmidlar til dekking av dette i budsjett for 2021 og 2022. Når det gjeld sak i media om sal av kraft til næringsdrivande vil det kome ei politisk sak på dette på eit seinare tidspunkt. Det er også beramma eit møte med Kommunekraft AS om dette tema fredag 4.2.
Også orientert om den varsla reduksjonen i eigedomsskatt frå kraftverk. Reduksjonen kan bli litt lågare enn varsla, og det er sannsynlegvis dekning i budsjettet for reduksjonen.
Det har også vore eit møte med næringslivet i kommunen der det mest aktuelle temaet var rekruttering. Kommunen tok imot innspel om kva næringslivet treng.
Når det gjeld koronasituasjonen var sjukefråværet i januar 5,5%. Det er særleg stort press på leiarane i oppvekst og helse og omsorg som har mykje arbeid med å setje saman vakt- og bemanningslister.
Det vart også informert om at ny kulturleiar Magnar Riveland, har starta i jobben.
Det er også gjort eit arbeid på organisering av einingane på Vågahuset. Planen er å opprette ein ny kommunalsjefstilling på området Samfunn og næring. Vert rekruttert ved rekrutteringsbyrå, saman med ny oppvekstsjef.
Ordførar orienterte om at det 14.2. skal vera eit folkemøte om områdeplan Hjelmeland sentrum på Hjelmeland samfunnshus.
Også orientert om at det har vore meklingsmøte om ny reguleringsplan Årdal Brygge. Det kom ikkje til einigheit, og saka vart sendt til utbyggar, som har sendt nye innspel.
Ordførar orienterte også om at det kom ein førespurnad frå Ryfylke Friluftsråd som trong at medlemskommunane meldte inn forslag til kvinner til arbeidsutvalet. Etter samråd med Kolbjørn Pedersen og gruppeleiarane, vart Hilde Pedersen Meland føreslått.
Også orientert om at det kjem eiga sak om reversering av domsstolreformen, der kommunane er bedt om å uttale seg.
Ordførar orientere til slutt om at ho deltek på møte på Jøsneset om MOWI sin oppdrettslokalitet der.
Til slutt under referat- og drøftingssaker orienterte prosjektleiar for ny ungdomsskule, Eirin Eidem Meihack, om status i prosjektet så langt.
Saka vert tatt til orientering.Hjelmeland kommune held fram arbeidet med å overta fiskerihamna i Hjelmelandsvågen.
Hauge/AP hadde spørsmål om korleis status er i dette arbeidet. Rådmannen orienterte.
Det vart røysta over forslag frå Ommundsen/SP: Samrøystes vedteke.
Saka vert tatt til orientering.
Soppeland/KrF hadde spørsmål til grunngjevinga for å innføre gult nivå, og til kven som var involvert i avgjersla. Rådmannen orienterte om at spørsmålet vart drøfta i beredskapsleiinga, der ordførar og deltek. Grunngjevinga var å forhindre ei stor auke i fråvær i skular, barnehagar og helse og omsorg. Då regjeringa endra på karantenereglane falt denne grunngjevinga bort, og vedtaket vart oppheva.
Saka vert tatt til orientering.
Saka vert tatt til orientering.
Saka vert tatt til orientering.
Soppeland/Krf hadde spørsmål til tilskot til bygdaråd. Rådmannen orienterte.
Saka vert tatt til orientering.
Saka vert tatt til orientering.
Saka vert tatt til orientering.
Klaga vert tatt til følge.
Røysting:
Under røystinga vart endringsforslag frå Kleppa/SP sett opp mot forslag til vedtak frå rådmannen:
Forslag frå Kleppa/SP: Vedteke med 6 røyster (SP, KrF, SV)
Forslag frå rådmannen: Fekk 3 røyster (H, AP) og falt.
Det blir blir vist til søknad frå Kniv & gaffel AS datert 05.10.2021
Hjelmeland kommune løyver eit tilskot på kr. 100 000,- frå kommunalt kraftfond, som støtte til føretak som er særleg hardt ramma av koronapandemien, jf. FSK-vedtak sak 051/21.
Tilskot blir gitt til omsøkte tiltak for etablering av nye avdelingar for reinhald og kantinedrift, samt omstrukturering av føretaket i samband med den planlagde utvidinga av føretaksområdet.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak.
Kommunestyret avgjer kva for nokon av dei eksisterande kulturmidlane som skal reknast med inn i vedtatt millionen til kulturstøtte. Rådmannen legg fram forslag til dette for kommunestyret.
Rådmannen utarbeider nye felles retningslinjer som skal byggja på eksisterande regelverk for støtte til lag og organisasjonar. Regelverket skal ha rutinar for rapportering til formannskapet.
Søknad og tildeling av kulturmidlar skal gjerast ein gong i året. Då med unntak av ein pott til særlege arrangement og tiltak.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak.
Framlegg til kommunestyret:
Låneopptak til investeringar i 2022 er på kr 48 mill.
Låneopptak til Husbanken i 2022 er på kr 7 mill.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med forslag til framlegg.
Framlegg til kommunestyret:
Fast medlem: Ståle Halsne
Varamedlem: Torunn Munthe
Røysting:
Det vart først røysta over forslag til medlemmer frå Soppeland/KrF: Samrøystes vedteke.
Deretter vart det røysta over rådmannen sitt framlegg til vedtak med vedteke tillegg: Samrøystes vedteke.
Totalentreprise blir entrepriseform for bygging av ny Hjelmeland ungdomsskule.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak.
Framlegg til kommunestyret:
Hjelmeland kommunestyre vedtek å gjennomføra «prosjektet» Bygdebok for Årdal.
Prosjektet vert gjennomført i tråd med sluttrapporten som er lagt fram frå nemnd nedsett av formannskapet og intensjonsavtale mellom Hjelmeland kommune og Universitetet i Stavanger, institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS).
Rådmannen bes om å forhandle endelig avtale med UIS/IGIS.
Kostnadsramme for prosjektet fram til ferdig manuskript er kroner 5 075 000,-.
For dei kommande åra bes rådmannen om å legga kostnader i råd med budsjett frå nedsett nemnd inn i økonomiplana. Denne vert endra og lagt fram ved handsaming av tertialrapport 1. tertial 2021.
Kleppa/SP reiste spørsmål ved om han var ugild i saka, då han har vore med å førebudd grunnlaget for saka som innleigd konsulent. Han gjekk frå medan formannskapet diskuterte spørsmålet. Det vart deretter samrøystes vedteke at han var ugild, med heimel i kommunel. § 11-10 andre ledd. Hetland/MDG møtte som vara.
Røysting:
Rådmannen sitt forslag vart vedteke med 6 røyster (SP, SV, MDG, KrF). 3 (H, AP) røysta mot.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Anita Husøy Riskedal | Senterpartiet | Nestleiar | anita.husoy.riskedal@hjelmeland.kommune.no |
Gaute Hauge | Arbeiderpartiet | Medlem | gaute.hauge@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Kolbjørn Pedersen | Høgre | Medlem | kolbjorn.pedersen@hjelmeland.kommune.no |
Johannes Soppeland | Kristelig Folkeparti | Medlem | johannes.soppeland@hjelmeland.kommune.no |
Harald Ommundsen | Senterpartiet | Medlem | harald.ommundsen@hjelmeland.kommune.no |
Kristin Kostøl Helgaland | Senterpartiet | Medlem | kristin.k.helgaland@hjelmeland.kommune.no |
Arne Kleppa | Senterpartiet | Medlem | arne.kleppa@hjelmeland.kommune.no |
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Varamedlem | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Bjørn Laugaland (Ikke møtt) | Senterpartiet | Leiar | bjorn.laugaland@hjelmeland.kommune.no |