Utval: | Areal- og forvaltningsutvalet |
---|---|
Dato: | 27.04.2022 13.00 - 17.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Torunn Munthe, H, melder mulig ugildskap i sak 40/22.
Silje Sværen, SV, melder ugildskap i sak 41/22.
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Fullmaktssaker tas til etterretning.
Arthur F. Egeland stilte spørsmål om praksis for delegert eller politisk behandling av dispensasjonssaker.
Svar frå rådmann: Prinsippielle saker blir lagt fram for nemnda, ikkje prinsippielle saker blir behandla delegert.
Administrasjonen må gjera ei vurdering på om saka er prinsippiell.
Klagesaker kjem alltid til behandling i AFU.
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning, i tillegg til merknad til sak RS 033/22.2
Spørsmål frå Morten Hetland, MDG, om buplikt på Gnr 17 bnr 4.
Svar frå rådmann: Det er buplikt på eigedommen, og manglande oppfølging vil bli følgt opp frå administrasjonen.
Silje Sværen, SV, sette fram forslag til uttale frå areal- og forvaltningsutvalet til rapport frå Statsforvaltaren lagt fram i RS 033/22.2. Jf. også forslag i formannskapet 26.04.2022.
Uttale blei samrøystes vedtatt.
Rådmannen orienterte om endeleg vedtak frå Statsforvaltaren i klage i byggesak på Gnr 129 bnr 6 fnr 5. Statsforvaltaren har stadfesta kommunen sitt vedtak.
Torunn Munthe, H, - kommentar til RS 033/22.2 i forhold til kommunen si oppfølging av krav om å ta vare på matjorda, jf. blant anna handtering matjord på Sande.
Svar frå rådmann er kommunen har vore i kontakt med tiltakshavar på Sande skal mellomlagre matjorda ein annan stad inntil vidare.
Hjelmeland areal- og forvaltningsutval tek sluttrapporten til orientering med følgjande merknad: Hjelmeland si landbruksavdeling bør vera eit førebilete på korleis ei slik avdeling skal fungere. Sakshandsamerane har høg kompetanse på sine fagfelt, dei er serviceinnstilte og proaktive når det gjeld rådgjeving og hjelp. Dette gjer at feil i søknader og rapportar blir retta opp, enten rettingene går i søkjar sin favør eller disfavør. Når statsforvaltaren ber landbruksavdelinga driva mindre rettleiing og meir tilsyn, er det å gå frå eit system basert på tillit og kommunokasjon til mistillit og straff. Dette er ikkje ei ønska utvikling i Hjelmeland kommune eller samfunnet forøvrig.
Forslag frå Silje Sværen blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune viser til planforslag R178 Detaljreguleringsplan Breivik hyttefelt, mottatt 08.04.2022. Planen blir lagt ut til offentleg ettersyn med følgjande endring ift utkastet:
Delfelt 3, tomtene 15-16: byggeområdet som er omfatta av faresona H310_3 utgår, og vert regulert som LNF-område. T15 og T16 skal slåast saman til ei bustadtomt, byggeområde og byggegrensene kan justerast slik at ein likevel kan oppnårei bustadtomt. Tilkomst kan leggast gjennom faresone og byggegrense i sør kan leggast i formålsgrensa.
Det vert sett rekkefølgjekrav om tiltak for å oppnå sikkerheitsklasse S2 innanfor faresone H310_4.
2. I føresegnene:
Før saka blir sendt på høyring skal det leggjast fram fagkyndig dokumentasjon på stabil byggegrunn for nye tomter under marin grense. Punkt 2. I føresegnene.
Spørsmål frå Silje Sværen til rådmann om bruk av "gjennomsnitt planert terreng" i staden for kotehøgd, og bruk av BYA? Svar frå rådmann om at planen berre delvis erstattar eksisterande planar i området og at omgrepa blir brukt likt i ny og eldre planar.
Røysting:
Forslag frå Hetland, MDG, falt med 1 mot 7 stemmer ( Krf, Ap. H, SV og SP)
Forslag frå Arthur Fjeldheim Egeland, SP, blei vedtatt med 6 (SP, SV, MDG og AP) mot 2 stemmer (H, KrF).
Forslag frå Torunn Munthe, H, falt med 1 mot 7 stemmer (KrF, AP, SV, MDG og SP)
Forslag frå rådmann med tilleggsforslag frå Egeland blei samrøystes vedtatt.
Merknad:
Rådmannen har justert vedtakstekst i pkt. 1. I plankartet, i samsvar med vedtatt tilleggsforslag til pkt. 2.
Det vert vist til søknad av 21.01.2022 vedr. 138/1. Det blir gitt dispensasjon til dyrking/bygging av landbruksveg inntil 17 meter fra elva. Det er ingen registrerte naturtypar eller funn av sjeldne artar i området. I kantsona kan planteskog hoggast, men lauvtre skal få veksa.
Omsynet til god og nyttig dyrka jord veg tungt i denne saka, og tyngre enn omsynet til naturmangfald langs elva. Generelt er det eit stort press på nedbygging av matjord. Dette tiltaket vil auka tilgangen på matjord. Omsynet til vassdraget, og då spesielt omsynet til avrenning er ivareteke av både veg og kantsone som dannar ein buffer på 15-17 meter.
Røysting:
Forslag frå Torunn Munthe, H blei sett opp mot rådmanne sitt forslag.
Forslag frå Munthe blei vedtatt med 5 (Krf, H, AP, Scmidt og Egeland, SP) mot 3 stemmer (SV, MDG og Østerhus (SP))
Lisa Bratli og Rolf Kristian Vik får konsesjon for erverv av Gnr 52 bnr 2,3 og 4 i Hjelmeland, jf. § 2 i konsesjonslova.
Vilkår for konsesjonen, jf. § 11 i konsesjonslova, er at kjøparane buset seg på eigedommen innan eitt år etter at dei får heimel på eigedommen, og at dei sjølv bur der i minst 5 år samanhengande.
Forslag frå rådmannen blei samrøystes vedtatt.
Hjelmeland kommune gir løyve til terrenginngrep i samsvar med søknad, jf. Plan- og bygningslova § 20-1.
Hjelmeland kommune gir dispensasjon etter § 19-2 i pbl for mellombels massedeponi i LNF område på ovannemnde eigedom.
Grunngjeving for dispensasjon er at tiltaket vil gje føremonar for landbruket. Med dei avbøtande tiltaka som er gitt vil omsyn til naturmangfaldet vere tilstrekkeleg ivaretatt. Omsynet som skal ivaretakast gjennom plan- og bygningslova og føresegnene til kommuneplanen blir ikkje vesentleg svekka som følgje av dette tiltaket.
Vilkår for løyvet er:
- Løyvet er ikkje gyldig før klagefristen er ute, 3 veker frå det vert sendt ut melding om vedtak.
- Tiltak kan ikkje setjast i verk før det er gjeve løyve til fysiske tiltak i vassdrag
- Det er ein føresetnad for dispensasjon at arealet skal dyrkast. Tiltak kan ikkje setjast i verk før det er gjeve løyve til dyrking.
- Avbøtande tiltak som er skissert i søknad skal gjennomførast. Dette gjeld sedimentasjonsbasseng, sikring av bekk, bruk av armering i skråning, tilplanting av sideareal og etablering av avskjeringsgrøfter.
- Fylling av masse skal opphøyreinnan 01.10.2025.
- Vannledning må leggjast om før tiltaket blir gjennomført.
Forslag om utsetting av saka frå Sværen, SV : Falt mot 2 stemmer (Søvik Østerhus og Sværen).
Tilleggsforslag frå rådmann: Det blir sett som vilkår at vannledning må leggjast om før tiltaket blir gjennomført.
Røysting:
Tilleggsforslag frå Sværen, SV, falt med 2 (MDG og SV) mot 6 stemmer (KrF, AP, H og SP).
Forslag frå rådmann, med tilleggsforslag blei samrøystes vedtatt.
Følgjande namneforslag på vegparsell i Førre blir lagt ut på høyring: Førrevegen
Forslag frå rådmann blei samrøystes blei vedtatt.
Følgjande namn på Helgøy blir vedteke i samsvar med høyringa: SØRSIDA
Forslag frå rådmann blei samrøystes vedtatt
Det vert gitt skjenkeløyve ved enkelthøve til Jøsneset Bygdaråd til ope utearrangement ved Jøsneset Grendehus laurdag 6.8. kl 18.00 til 24.00. Arrangementet har 18årsgrense. Skjenking skjer i eige telt, konsertområdet er avgrensa med gjerde.Silje Sværen vert godkjent som styrar med Odd Fosså som stedfortreder.
Silje Sværen melde ugildskap fordi ho er søkjar. Vedtatt inhabil. Jone Hagalid møtte i staden for Silje Sværen.
Rådmannen sitt forslag blei samrøystes vedtatt.
Det vert gitt skjenkeløyve som omsøkt til Ryfest for ope arrangement i/ved Hjelmelandshallen 3.9.kl 20.00 til 4.9 kl 01.00. Skjenkeområde er foaje pluss avgjerda område ute ved inngongspartiet. Skjenking ute skal avsluttast seinast ved midnatt. Vidar Lund vert godkjent som styrar med Hilde Hauge som stedfortreder.
Torunn Munthe har meldt seg som ugild:
Etter forslag frå Arthur Fjeldheim Egeland, blei Munthe vedtatt å vera ugild.
Kommentar frå Morten Hetland: Er det rett å bruke idrettshaller som sjenkelokaler i forhold til arealformål? Bør ein drøfte konsekvensane av det?
Forslag frå rådmann blei samrøystes vedtatt.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Leiar | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Nestleiar | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Iren Urdal | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.urdal@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Medlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Tårn Sigve Schmidt | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |
Arthur Fjeldheim Egeland | Senterpartiet | Medlem | arthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no |
Per Mæhle (Ikke møtt) | Høgre | Medlem | per.maehle@hjelmeland.kommune.no |