Utval: | Areal- og forvaltningsutvalet |
---|---|
Dato: | 07.12.2022 13.00 - 16.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Samrøystes vedteke.
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Samrøystes vedteke.
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Rådmann orienterte om møteplan, forslaget som er lagt fram er til orientering.
Sjølve behandlinga med eventuelle endringar vert behandla i kommunestyret.
Rådmann informerte vidare om at det har vært eit meklingsmøte med Statsforvaltaren i Rogaland, Statens vegvesen og Rogaland fylkeskommune for reguleringsplan R182, Detaljregulering for Puntsnes forretningsområde. Meklinga er ikkje ferdig, nytt møte vil bli avholdt.
Per dags dato er møtereferat under arbeid.
Fullmaktssaker tas til etterretning.
Samrøystes vedteke.
Hjelmeland kommune viser til søknad om endring av R166 Solvang bustadfelt, mottatt 30.11.2022. Areal- og forvaltingsutvalet er i utgangspunktet positive til å redusera til totalt fire bustader i B1 og B2. Endra reguleringsplan R166 Solvang bustadfelt blir lagt ut på høyring med atterhald om at følgjande blir innarbeidd i planen:
– Det austre bustadhuset i B1 skal ha maksimal mønehøgde på maks +13 m.o.h. Dette må løysast ved å senka bustaden, eller å redusera til to etasjar.
– Støttemurane og utforminga av tomtene i B1 og B2 må i større grad bli tilpassa omkringliggande areal, og særleg dempa det massive uttrykket mot sjøen.
Røysting:
Forslag frå Rådmann 3 røyster (SP med Østerhus, SV med Sværen og Hagalid) røyster mot 6.
Forslag frå Torunn Munthe (H) 2 (H, med Mæhle og Munthe) røyster mot 7.
Forslag frå Morten Hetland (MDG) 4 (Krf med Halsne, AP med Urdal, MDG med Hetland, SP med Schmidt) mot 5 røyster.
Forslag med flest røyster blei satt opp mot kvarandre: Hetland (MDG) mot Rådmann sitt forslag,
Hetland (MDG) sitt forslag blei vedtatt med 7 mot 2 (SV, Hagalid og Sværen).
Hjelmeland kommune gjev dispensasjon frå LNF føremålet i kommuneplanen og frå avstand til vassdrag jf. kommuneplanen § 22 for tilbygg og påbygg til fritidsbustad, samt for oppføring av overbygd utepeis, jf. plan- og bygningslova § 19-2. Det vert gjeve rammeløyve for dei same tiltaka, jf. plan- og bygningslova §§ 20-1 og 21-4. Byggearbeid kan ikkje setjast i gang før det er søkt om og gjeve igangsetjingsløyve.
Dersom tiltaket medfører inngripen i kantvegetasjon mot vassdraget må dette søkjast om til Statsforvaltaren.
Samrøystes vedteke.
Synnøve Husebø Aabø får konsesjon for erverv av Gnr 17 bnr 4 og 9 i Hjelmeland, jf. § 2 i konsesjonslova.
Det blir sett frist for busetting på eigedommen innan 01.01.2024, jf. § 11 i konsesjonslova.
Samrøystes vedteke.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Leiar | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Nestleiar | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Iren Urdal | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.urdal@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Per Mæhle | Høgre | Medlem | per.maehle@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Medlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Tårn Sigve Schmidt | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |
Jone Hagalid | Sosialistisk Venstreparti | Varamedlem | jone.hagalid@hjelmeland.kommune.no |
Arthur Fjeldheim Egeland (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | arthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no |