Her ser du informasjon om eit møte i Ungdomsrådet.
 
Clear
     
 

Møte i Ungdomsrådet den 06.09.2022

Ungdomsrådet
06.09.2022 18.30 - 20.30
Utval:Ungdomsrådet
Dato:06.09.2022 18.30 - 20.30
Møtestad:Kommunestyresalen
Status:Møteprotokoll er ferdig
Sakskart:Innkalling - Ungdomsrådet - 06.09.2022 (Hoveddokument)
Møteprotokoll:Møteprotokoll - Ungdomsrådet - 06.09.2022 (Hoveddokument)

Saksliste

  • GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE Hoveddokument 261KB

    014/22 - 22/13275 - GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE

    Journaldato: 24.08.2022   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 1 dokument
    Brevdato: 24.08.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Helse og omsorg
    Sakshandsamar: Annbjørg Breiland

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.



  • GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Hoveddokument 255KB

    015/22 - 22/9824 - GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL

    Journaldato: 20.06.2022   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 2 dokumenter
    Brevdato: 20.06.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Helse og omsorg
    Sakshandsamar: Annbjørg Breiland

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.



  • REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER Hoveddokument 515KB

    016/22 - 22/13277 - REFERAT- OG DRØFTINGSSAKER

    Journaldato: 24.08.2022   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 1 dokument
    Brevdato: 24.08.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Helse og omsorg
    Sakshandsamar: Annbjørg Breiland

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Ungdomsrådet ber rådmannen ta kontakt med Boreal for å informere om at det er behov for fleire bussar på avgangane mellom Hjelmeland - Strand vgs., både morgon og kveld.



    Behandling

    Ungdomsrådet løfta fram at det ikkje er plass på bussane til/frå Strand vidaregåande skule. Ofte må passasjerar stå, allereie før bussen er komen til Årdal. Dette er ukomfortabelt over eit så langt strekk, i tillegg til at det er svært trafikkfarleg. Det har vore minst ein episode kor bussen måtte bråbremse medan passasjerar sto i midtgongen.

    Ei av årsakene til passasjerauka er antakelegvis fleire flyktningar som skal til Ryfylke læringssenter på Jørpeland, samt elevar som pendlar til Strand vidaregåande skule.

  • Dokumentet er offentleg, men ikkje publisert.

    016/22.1 - 22/9172 - Informasjon om ungdomsmidler 2022, valg til ungdommens fylkesråd 2023 og ungdomskonferansen 2022

    Journaldato: 13.06.2022   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig Dokumentet er offentleg, men ikkje publisert.
    Brevdato: 09.06.2022
    Dokumenttype: Innkomande dokument
    Ansvarlig enhet: Helse og omsorg
    Sakshandsamar: Annbjørg Breiland
     
  • Bærekraftsuka 2022  Hoveddokument 528KB

    017/22 - 22/13257 - Bærekraftsuka 2022

    Journaldato: 24.08.2022   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 1 dokument
    Brevdato: 24.08.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Helse og omsorg
    Sakshandsamar: Annbjørg Breiland

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Ungdomsrådet tek saka til orientering.



    Behandling

    Ungdomsrådet drøfta saka, og vart samde om at dei skulle kontakte kvarandre etter møtet dersom dei fekk idear til bidrag.

  • Fordeling av restbeløp - sentrumsmidlar Hoveddokument 612KB

    018/22 - 22/13252 - Fordeling av restbeløp - sentrumsmidlar

    Journaldato: 24.08.2022   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 1 dokument
    Brevdato: 24.08.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Helse og omsorg
    Sakshandsamar: Annbjørg Breiland

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Ungdomsrådet vil disponera restbeløpet på kr. 100.000 slik:

    Ungdomsrådet ynskjer å tilby Fister bygdaråd og Årdal bygdaråd kr. 50.000 kvar, til ungdomstiltak i sentrumsområdet i den enkelte bygda. Det er eit krav frå ungdomsrådet at bygdaråda må involvere 2 - 3 ungdommar frå den aktuelle bygda i prosessen, og ungdomsrådet vil ha ei orientering om kva dei ser føre seg å nytta pengane til, før tiltaket vert gjennomført.



    Behandling

    Ungdomsrådet meiner det vil vera ein god ide å nytta dei resterande kr. 100.000 på Fister og i Årdal, sidan det er tenkt nytta kr. 150.000 til prosjektet med å gjera fiskerihamna i Hjelmelandsvågen meir attraktiv. Det vil forhåpenlegvis gjera prosessen med å få gjennomført tiltaka enklare dersom bygdaråda får pengane, men det bør vera eit krav at ungdom frå den aktuelle bygda skal involverast i prosessen.

  • UngData 2022 - vegen vidare Hoveddokument 1MB

    019/22 - 22/13253 - UngData 2022 - vegen vidare

    Journaldato: 24.08.2022   Vedtakskode: Vedtak iverksatt / Sak ferdig 1 dokument
    Brevdato: 24.08.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Helse og omsorg
    Sakshandsamar: Annbjørg Breiland

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Ungdomsrådet oppfordrar rådmannen til å arbeide med Ungdata 2022-rapporten på ungdomsskulen, både blant dei tilsette og i dei enkelte klassane.



    Behandling

    Ungdomsrådet drøfta nokre av resultata frå undersøkinga:

    Foreldre:

    • Foreldre har bra fokus på disiplin og regler, og det ser ungdommen etterkvart at er greit

    Vener:

    • Stort sett inkluderande gjengar
    • Sikkert ikkje alle som har nokon dei passar saman med, men dei fleste har nokon
    • Dei fleste får vera med i gjengen på skulen, sjølv om ein kanskje ikke er med på fritida
    • Betyr mykje kva ein gjer sjølv

    Skule:

    • Gamalt og slitt bygg, dårleg tilstand på skulen
    • Mange er leie av skulen, det er ikkje så gøy og spennande
    • Trur fleire seier det er kjedeleg, fordi dei er leie av skulen og fordi dei kjedar seg. Nokon vil i stedet det skal skje meir gøye ting, og er vant til at det skjer mykje på fritida
    • Skulen kan ha meir variert undervisning
    • Motivasjonen har ein del å seie, noko å sjå fram til
    • Korona kan ha gjort ungdommen meir umotiverte

    Lokalmiljø:

    • Legge opp til meir aktivitetar og arrangement for ungdom, f.eks. enkeltarrangement som konsertar.
    • Korleis få ungdom til å kome på det som blir arrangert?
    • Kulturleiar bør snakka med ungdommane om kva arrangement dei kan tenka seg
    • Få aktivitetar å velge i

    Helse:

    • Føler press (på prestasjonar)
    • Lite søvn
    • Korona kan ha påvirka folk, og gjort at dei har kome ut av rutinane dei hadde før korona. Har ikkje kome i gong igjen med fritidsaktivitet, sit meir heime og ser på mobilen.

    Utseende:

    • Sosiale media fører til påvirkning og press
    • Har du dårleg sjølvtillit og syn på deg sjølv, påvirker det helsa di.
    • Press i forhold til merkeklær, osb.

    Trives på skulen/Lærerane bryr seg om meg:

    • Lærarane er meir strenge fordi det er behov for det. Men då likar elevane gjerne ikkje læraren.
    • Alle tar kanskje ikkje undersøkelsen heilt seriøst. Er dei misfornøgd med ein lærar, svarer dei gjerne dårleg på alle spørsmåla.
    • Har du lite motivasjon og syns det er vanskeleg med skule, og i tillegg blir pusha av lærarane, kan elevar fort svare at dei ikkje trives og ikkje liker lærarane.
    • Har ein oppfatning av at lærarane på vidaregåande skule i større grad bryr seg om elevane, enn dei gjer på ungdomskulen. Men det kan og henge sammen med at elevane er eldre og ser ting på ein annan måte.
    • Viktig at læraren bryr seg, og spør elevene om korleis dei har det - også privat. Dei bør vise at dei er opptatt av eleven, og interessene hans/hennas.
    • Følge opp med elevsamtalar

    Eg passer inn blant elevane på skulen:

    • Korona kan ha hatt påvirkning av at nokre band ble slakkare, andre vart forsterka
    • Var du utanfor, vart du gjerne enda meir utanfor i koronatida, og vanskelegare å kome inn i det igjen etterpå når ein kom tilbake på skulen

    Eg kjedar meg på skulen:

    • Elevar svarer nok at dei kjedar seg, fordi de ikkje er så motiverte og at det ikkje er så gøye ting

    Eg gruar meg:

    • Varet kan bli påvirka av kommande prøvar, o.l.
    • Nokon føler det kan vera vanskeleg å lære seg ting
    • Nokon kan ha gjort dumme ting sosialt e.l.
    • Større krav til karaktarer, o.l.

    Ungdomsrådet ønsker at kommunen skal følge opp resultata fra UngData, og meiner det er viktig å gjera noko:

    • Ta det i dei enkelte klassane på skulen
    • Bry seg om kvar enkelt
    • Ta det opp med lærarane: Kva kan dei gjera for at elevane skal oppleva at lærarane bryr seg om kvar enkelt elev. Kva kan lærarane gjera for å gjera skulen mindre kjedeleg?
    • Elevane kan kome med med forslag; kva er det egentlig vi vil gjera på skulen slik at det ikkje vert kjedeleg? Korleis variere undervisninga?
    • Involvera elevene

  • Retningslinjer for ungdomstaxi Hoveddokument 2MB

    020/22 - 22/13444 - Retningslinjer for ungdomstaxi

    Journaldato: 29.08.2022  1 dokument
    Brevdato: 29.08.2022
    Dokumenttype: Saksframlegg
    Ansvarlig enhet: Kulturseksjonen
    Sakshandsamar: Magnar Riveland

    Dokumenter

     

    Vedtak

    Ungdomsrådet ber rådmannen undersøke/vurdere dette:

    Undersøke om ferja er gratis for gåande, å vurdere og endre teksten i punkt 5 og 6.

    Vurdere om Ombo-elevar som går på skule på Hjelmeland skal få delta i ordninga.

    Vurdera om ungdomstaxien kan nyttast utover kommunegrensene, til dømes til Tau, mot ein høgare eigenandel.

    Ungdomsrådet støttar at punkt 8 går ut og at det kjem nytt punkt 10.

    Ungdomsrådet oppfordrar elles rådmannen til å informere breiare om ungdomstaxi-tilbodet.



    Behandling

    Ungdomsrådet drøfta det nye reglementet, og hadde nokre spørsmål/vurderingar som bør tas vidare:

    Er ikkje ferja gratis for gåande passasjerar no?

    Bør ikkje Ombo-elevar som går på skule på Hjelmeland få delta i ordninga?

    Kan ein vurdera om ungdomstaxien kan nyttast utover kommunegrensene, til dømes til Tau, mot ein høgare eigenandel?

    Elles meinte ungdomsrådet at det er bra at ein ikkje treng vera tre personar for å nytte ordninga. Dei poengterer også at det må informerast meir om tilbodet, då få ungdommar kjenner til det.

Frammøte

Frammøte
PolitikarPartiMedlemstypeE-Post
Milica DivjakNestleiar
Jan Einar BergeMedlemjaneinar2004berge@gmail.com
Tuva Moen HauskenMedlem
Sofie StakkelandMedlem
Guro Marie KleppaMedlem
Emil Riskedal (Ikke møtt) Leiar
Eva Lise Stangelo (Ikke møtt) Medlemstangeloeva@gmail.com
ACOS Innsyn levert av ACOS AS