Utval: | Seniorrådet |
---|---|
Dato: | 16.11.2022 10.30 - 12.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møtet er ferdig protokollert |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Ny ungdomsskule:
Leiar refererte frå møte med referansegruppa. Det ligg føre tre alternative løysingar til utforming av ny ungdomsskule, og teikningsgrunnlag skal ligge føre i løpet av januar. Det vert då sendt ut på anbodskonkurranse - både bygging og riving. Anbodskonkurransen skal vera klar til påske. Ein vil då få endeleg kostnad, og det er sett av kr. 180 millionar i budsjettet for dei neste tre åra. Deretter vert det politisk behandling. Dersom bygging vert vedteke, vert det oppstart til sommaren og ferdigstilling i 2025.
Innkalling og saksliste vert godkjent, med dei endringar som ligg føre.
Sak 027/22 vert flytta øverst på sakslista.
Leiar vil orientera om ny ungdomsskule under referat- og drøftingssaker.
Eldrerådet konkluderte med at markeringa av Eldredagen var velukka, og at det er ynskjeleg å markere dagen neste år også.
Kommunalsjefen informerte om at omsorgssentera og dagsenteret var veldig takknemlege for kaker.
Arrangementet på Smaken av Ryfylke fekk stor oppslutning, med 80 påmeldte, og eldrerådet meiner at dette er ein veldig kjekk plass å ha eit slikt arrangement. Det var litt utfordringar knytt til påmeldinga, og det var litt kritikk på at det ikkje var i eit lokale med plass til fleire.
Føredraget til Wuller var veldig nyttig, og han formidla temaet på ein god måte. Sidan det ikkje var mogleg å vise føredraget på skjerm leverte Wuller ut eit skriv til dei som deltok. Dette fungerte veldig bra, og eldrerådet meiner det var positivt at folk kunne ta det med seg heim og lese etterpå. Rådet drøfta at det gjerne kunne vore arrangert eit føredrag til med dette temaet i løpet av neste år, og ynskjer å ha dette som ei sak på neste møte.
Veldig fint at barnekoret bidrog!
Eldrerådet har følgande innspel til budsjett 2023:
Eldrerådet er særleg nøgde med satsinga på framtidas omsorg i budsjett og økonomiplan, spesielt at det er så stort fokus på eldrebølga. Rådet støttar rådmannen når han vil auka ressursar til “Leve hele livet”-reforma, kontinuerleg satsa på velferdsteknologi og midlar til universell utforming. Satsinga på utdanning av nye sjukepleiarar med stipendordning er også eit framifrå tiltak.
I satsinga på å hjelpa fleire i eigen heim må ein ikkje gløyma at omsorssentra/bustadar eldast og normalt treng fornying/vedlikehald ute og inne dei kommande åra, og det er viktig å ha fokus på tilrettelegging av bustadar for eldre. Det er viktig å satsa på førebygging og helsefremjande arbeid, og det er viktig at det vert sett av midlar til seniortaxi-ordninga.
Til slutt vil eldrerådet understreke at kommunen i sine satsningar tek omsyn til at ikkje alle innbyggjarar er digitale ennå, og legg til rette for at alle likevel får dei tenestane dei har krav på.
Rådet meinte rådmannen hadde lagt fram eit budsjett som er lite kontroversielt. Mange gode satsningar som gjeld eldrerådet si målgruppe.
Bra at eldrebølga vert prioritert, og at ein flyttar ressursar frå oppvekst- til omsorgssektoren når det er behov for det. Eldrerådet minner om at det er viktig å prioritera midlar til førebyggjande og helsefremjande arbeid, slik at folk har god helse når dei går inn i alderdommen.
Eldrerådet ynskjer å besøke begge omsorgssentera på same dag, gjerne rett over nyttår, og oppfordrar kommunalsjef for helse og omsorg å finna ein dag det passar for einingsleiarane. Både fast politisk observatør og vara bør inviterast med.
Eldrerådet meiner ordninga med seniortaxi er etterlengta, og det er viktig at det vert sett av midlar i budsjettet til dette formålet.
Eldrerådet ber om at ordlyden i punkt 1 vert formulert slik:
1. Seniortaxi kan nyttast av eldre over 65 år. Vilkåret er at dei ikkje har høve til å køyre sjølv, og at ingen andre i husstanden kan. Ordninga gjeld ikkje for eldre som har TT-kort.
Det er også viktig at dette tilbodet vert kunngjort på ein måte som gjer at innbyggjarane får det med seg.
Rådet ynskjer denne ordninga velkommen! Det ser bra ut, men punktet om at brukarar ikkje kan ha førarkort eller bil bør modererast. Det er også veldig strengt at andre i husstanden ikkje kan ha førarkort, fordi det ikkje alltid er sikkert at vedkommande har høve til å køyre.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Hans Ove Mæland | Leiar | hans.ove.maeland@gmail.com | |
Sigrun Bergøy | Nestleiar | sigrunbergoy@gmail.com | |
Berit Torgersen Skiftun | Medlem | berit.t.skiftun@gmail.com | |
Olaug Synnøve Soppeland | Medlem | olaug@hesbynett.no |